Talte hysteriet midt imot

Talte hysteriet midt imot

Om ein kjempa for kvinneleg stemmerett for 100 år sia blei ein hengt ut som hysterikar på avisframsidene. Men suffragettene visste å slå tilbake. Litteraturforskar Tone Brekke har studert den tidlege kvinnerørsla i England og USA.

Feministen Rebecca West var ein av dei viktigaste intellektuelle i det 20. hundreåret. (Foto: Madame Yévonde/Wikimedia Commons)

For nøyaktig 100 år sidan pryda eit lesarinnlegg med tittelen «Letter on militant hysteria» heile framsida til den engelske avisa The Times. I innlegget blei dei kvinnelege stemmerettskjemparane, dei såkalla suffragettene, diagnostiserte som hysterikarar.

«He is not a little mystified when he encounters in her periodically recurring phases of hypersensitiveness, unreasonableness, and loss of the sense of proportion. It is with such thoughts that the doctor lets his eyes rest upon the militant suffragist. He cannot shut them to the fact that there is mixed up with the woman’s movement much mental disorder; and he cannot conceal from himself the physiological emergencies which lie behind.»

Forfattaren var den anerkjende legen Sir Almroth Wright, som skreiv med det største alvor.

– Han følgde så opp med å typologisere dei ulike suffragette-typane i tråd med ulike seksuelle forstyrringar, fortel Tone Brekke, postdoktor ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo (UiO).

Brekke har undersøkt kva bøkene, tidsskrifta og avisene til stemmerettsrørsla i USA og England hadde å seie for utviklinga av stemmerettstanken i desse landa på andre halvdel av 1800- og byrjinga av 1900-talet. Ho var ein av innleiarane på seminaret «Kvinners rettigheter: Zimbabwe, USA og Frankrike» den 23. mars.

Sin eigen medisin

Dei som kjempa for stemmerett for kvinner på denne tida møtte enorm motstand. Hysteriet var på moten og det var ei vanleg oppfatting at kvinner som heva stemmen i det offentlege ordskiftet var hysteriske og mangla sjølvkontroll, fortel Brekke.

– På bakgrunn av slike haldningar var det eit viktig poeng for kvinnerørsla å vise at ein var velorganisert og dokumentere at ein tenkte logisk og haldt seg rolig, seier Brekke.

Legen fekk da også snart smake sin eigen medisin i form av Rebecca West, ein britisk modernist, forfattar og journalist. Ho verka i The Freewoman, ei av dei mange suffragetteavisene på byrjinga av 1900-talet.

–West trykte innlegget hans på ny på framsida av The Freewoman og lét den enkle overskrifta «Hysteria» tale for seg sjølv, tråd med den modernistiske kunstoppfattinga «show, don’t tell», seier Brekke.

Slavekamp er kvinnekamp

Ho peiker på at kvinnerørsla i England og USA på denne tida hadde nære band til anti-slaverirørsla og lét seg inspirere av denne når det kom til arbeidsmåtar, organisering og kommunikasjon med omverda.


Tone Brekke (Foto: Beate Sletvold Øistad)

– Stemmerettsrørsla på 1800-talet var korkje nasjonal eller sekulær. Ho var tvert imot transnasjonal, religiøs, inkluderte menn og var inspirert av kampen mot slaveriet, seier Tone Brekke.

Fleire abolisjonistar støtta stemmerettskrava, til dømes avisredaktør og tidlegare slave Frederick Douglass:

«Many who have at last made the discovery that the negroes have some rights as well as other members of the human family, have yet to be convinced that women are entitled to any.»

Startskotet

Opptakta til den transatlantiske stemmerettsrørsla har fått nærmast mytologisk status, men historia fortel at anti-slaveriaktivistane Elizabeth Cady Stanton og Lucretia Mott blei allierte i kvinnesaka etter ein internasjonal anti-slaverikonferanse i London i 1840. Årsaka var at dei som tilreisande, amerikanske delegatar på International Anti-Slavery Convention kom i skade for å vere kvinner på ein konferanse som opphavleg berre var meint for menn.

– Kvinnene blei nekta full deltaking og måtte sitte bak eit forheng ute av syne for dei mannlege delegatane, seier Brekke.

Seinare, i 1848, organiserte kvekaren Mott og religionsskeptikaren Stanton The Seneca Falls Convention i USA, kjend som den første kvinnerettskonferansen. Bland delegatane var både menn og kvinner, kvekarar og fråhaldsfolk samt nokre utvandra nordmenn.

Stanton forfatta og la fram «The Declaration of Sentiments», ei parafrase over den amerikanske sjølvstendeerklæringa der også kvinnene var skrivne inn i teksten: «We hold this truth to be self-evident, that all men and women are created equal». Dokumentet var nådelaust i si dom:

«The history of mankind is a history of repeated injuries and usurpations on the part of man toward woman, having in direct object the establishment of an absolute tyranny over her».

Erklæringa var kontroversiell, men blei underskreve av om lag 100 av dei 300 delegatane ved Seneca Falls. Av dei var 68 kvinner og 32 menn.

– Medan «the founding fathers» skreiv i opposisjon til monarkiet som tyranni, skreiv Stanton ut frå patriarkatet som tyranni, seier Brekke.

Skreiv seg inn i historia

Konferansen i Seneca Falls blei grundig dokumentert i History of Woman Suffrage, eit monumentalverk på omlag 2500 sider fordelt på seks volum, redigert av mellom anna Stanton.

– Verket var eit sjølvmedvite forsøk på å skrive seg sjølve inn i historia og Seneca Falls-konferansen blei presentert som den første gongen menn og kvinner samla seg i kampen for stemmerett for kvinner, seier Brekke.

På den første sida i verket blir eit knippe føregangskvinner i stemmerettsrørsla takka og hylla. Øvst troner namnet til den britiske filosofen Mary Wollstonecraft, forfattaren av A Vindication of the Rights of Women.

– I det ein skriv seg inn i historia så kanoniserer ein òg klassikarar. Ikkje alle desse namna var kjende når dei blei skrivne ned, og om dei var kjende så var det først og fremst som skremmebilete, påpeiker Brekke.

Ho fortel at verket består av store historiske omriss, avisklipp, møtereferat og personlege forteljingar og brev – frå mellom anna norske Camilla Collett – og difor er vanskeleg å plassere ut frå dagens sjangergrenser. Verket er mest sannsynleg inspirert av 1700- og 1800-talets såkalla «periodicals» eit alt-mogleg-format kvinner på den tida var godt kjende med.

– Dessutan var «the periodical» ein av dei få stadane kor kvinner hadde lov til å publisere, fortel Brekke.

På lag med framskrittet

Medan dei amerikanske suffragettene var opptatte av sjølvstendeerklæringa og stemmeretten, skreiv The Freewoman om seksualitet og kvinnefrigjering framfor rettar.

– West meinte at det Freud og Jung haldt på med for å frigjere kvinna var fullstendig bakstrevarsk samanlikna med The Freewoman, seier Brekke.

Ifølgje Brekke finn ein både i The Freewoman så vel som i History of Woman Suffrage tankar om at verda og historia var på veg mot eit mål. Forsking på sosiale rørsler viser at dei rørslene som lykkast skildrar sine mål som ei historisk naudsemd.

– Eit av grepa både stemmerettsrørsla og anti-slaverirørsla gjorde var å skildre måla sine som noko som kjem til å skje i ei verd som er på lag med framskrittet, seier Brekke.