Konservativ og mjukpornografisk

Konservativ og mjukpornografisk

På film skal tenåringar vere tru mot seg sjølv, og samstundes sjå deilige ut. Stipendiat Jo Sondre Moseng har analysert bodskapa i norsk ungdomsfilm.

Fra Tommys inferno (2005).

I doktoravhandlinga Himmel og helvete. Ungdom i norsk film fra 1969 til 2010 har stipendiat i filmvitskap Jo Sondre Moseng undersøkt førestillingar om ungdom og ungdomstid i 34 norske ungdomsfilmar frå dei 41 siste åra. Bland filmane finn vi alt frå Døden på Oslo S, Frida – med hjertet i hånden og Lasse og Geir til Switch, Vegas og Keeper’n til Liverpool. Moseng har spola att og fram for å finne kva for haldningar og idear som filmane formidlar, så har han drøfta desse opp mot rådande teoriar og empiri om korleis ungdom har det i røynda.

Sjølv om samfunnet har endra seg mykje på desse 40 åra, held norske ungdomsfilmar ifølgje Moseng fram med å turnere eit avgrensa sett med konfliktmønster og handlingsløp. I hjartet av sjangeren ligg ideologien om sjølvrealisering – å vere tru mot seg sjølv i møte med hormon og gruppepress. Samstundes har filmane overteke meir og meir av mjukpornoens estetikk ut over 2000-talet – meir om det seinare.

Ytre konflikt, indre løysing

Sjølvrealiseringsideologien er enkel og grei. Når filmen er slutt har tenåringen lært leksa si, gjort dei viktige og rette vala og blitt meir moden. Mantraet er at veksesmertene i tenåra er er eit naudsynt steg på mot det ansvarsfulle og gode vaksenlivet. Yatzy handlar til dømes om Daggi, eit fosterheimsbarn frå Oslo som blir flytta til ein ny familie på bygda etter at førre huset han budde i brente ned. Han plagast med vonde minner og er vanskeleg og valdeleg. Etter ei rekke dramatiske hendingar og ei fersk romanse skjønar han at han må ta seg saman. Dette klarar han til slutt i filmen, då han dreg tilbake til Oslo  og branntomta, gjenopplever hendingane frå fortida og får fred meg seg sjølv.


Fra Yatzy 2008.

– Løysinga på samtlege problem som karakterane måtte ha, er å lytte til den indre stemma si og finne tilbake til sitt «eigentlege eg», seier Moseng.

– Ytre konfliktar skal løysast med indre verkemiddel. Kriminalitet, mobbing, omsorgssvikt eller seksuelle overgrep blir ikkje framstilt som sosiale problem, men som personlege utfordringar som karakterane må overvinne på eiga hand.

Dette bodskapet kjem, ifølgje Moseng, fram ved at filmane vender seg innover. Dei legg vekt på korleis det kjennest å vere ein sårbar og forvirra tenåring, ikkje på den ytre verda. Moseng meiner dette har interessante ideologiske følgjer: Når dei same kjenslene går att i film etter film, er resultatet ei form for emosjonell tidløyse, som på nostalgisk vis romantiserer og dimed avdramatiserer potensielt svært vanskelege situasjonar for tenåringane.

– Slagordet om at det «personlege er politisk» frå 70-talet er snudd på hovudet. Både årsakene til og løysinga på problema til karakterane er å finne i modningsprosessen som går føre seg i tenåringane sjølve, seier Moseng.

Moseng meiner at innoverfokuset i norsk ungdomsfilm er motsetnadsfylt.

– På den eine sida må tenåringane gjennom vanskelege situasjonar og realisere seg sjølve som vaksne og mogne personar. Samstundes er det å handsame desse situasjonane ein måte å vende tilbake til ei indre kjerne eller ibuande potensial som allereie finst i den unge.

– Dei skal altså både fram og attende på same tid?
– Ja. Slik sett er det ungdomstida i seg sjølv som er problemet, som ein anakronisme som tenåringen berre må vekse seg ut av. Dimed blir alle forsøk på samfunnskritikk umogleg, hevdar Moseng.

Han meiner at sjølv om ungdomsfilmen somme gonger blottlegg konfliktar mellom generasjonane, er det slåande kor ivrige filmane er til å fri vaksensamfunnet frå ansvar.

Generasjon sex

I løpet av 2000-talet fann den såkalla porn-chic-estetikken vegen inn i norsk ungdomsfilm, fortel Moseng. Mjukpornografiske stilutrykk, som å bøye seg fram for å vise brystkløft og stirre kokett inn i kamera, eller å filme pupper og rumper lausrive frå heilskapen, vann terreng. Per i dag er norsk ungdomsfilm prega av ein konservativ mjukpornoestetikk, i følgje Moseng. Tommys inferno frå 2005 er det det klaraste dømet på denne estetikken, ifølgje Moseng. Filmen er krydra med seksualiserte småklipp, men handlar til sjuande og sist om ein gut som vil vente med å ha sex.


Fra Bare Bea (2004)

– Dei narrative og tematiske strukturane i filmane formidlar konserverande eller konservative ideal om romantisk kjærleik, medan stilgrepa er til forveksling like konvensjonane i mjukpornografien, meiner Moseng.                       

Heilt sidan Himmel og helvete frå 1969 har ungdomsfilmane synt heller umotiverte bilete av nakne jentekroppar, men i det nye tusenåret blir det skildra meir tekniske avanserte seksuelle handlingar, spesielt i dei marknadsretta filmane.

Når desse skildringane likevel spring parallelt med konservative alvorsord om at god og riktig seksualitet skjer innanfor rammene av romantisk kjærleik ser eg dette som eit uttrykk for ein konservativ mjukpornoestetikk, hevdar Moseng.

Kjønnstereotypiar

I motsetning til Hollywood finst det mange handlekraftige kvinnefigurar i norsk filmhistorie. Likevel meiner Moseng at ungdomsfilmane repeterer tradisjonelle kjønnstereotypiar. Filmar med jenter i hovudrolla prioriterer ofte tale framfor handling og er meir orienterte mot romantikk og venninneforhold, medan filmane med gutar i berande roller gjerne fokuserer på konkurranse og spenning.

I Frida – med hjertet i hånden pendler Frida mellom forelsking og kjærleikssorg og pratar og reflekterer over kjærleiken. Jentene i klassa baksnakkar, søskena og foreldra er håplause og gutar har plutseleg blitt interessante. I Switch møter vi ein bygut og underdog som må bli best på snøbrett før han kan vinne prinsessa og halve kongeriket i bygda han har flytta til. Her skjerpar det romantiske sideplottet berre ei allereie eksisterande konflikt, når byguten Mikkel forelskar seg i kjærasten til sin fiende.

– Kjærleik blir framstilt som eit magisk biprodukt av at karakterane har mogna på andre område, til dømes ved å stå imot gruppepress, heva seg over overflatiske forelskingar eller rett og slett meistra ein sinnsjuk backflip i snøbrettbakken.

Moseng finn òg ein tendens til at problema ofte blir reduserte til pinlege samleiedebutar eller utrivelege intrigar.

– Det er få moralske peikefingrar, men moralen er likevel av det snusfornuftige slaget: Det er ikkje gull alt som glimrar og  «den første gangen suger», som dei seier i Bare Bea. Fallgruvene er mange, så det gjeld å vere reflektert og lytte meir på hovudet enn på underlivet.

Han hevdar at vanskelegare tema, som seksuelle overgrep eller seksualisering av tenåringsjentar, i beste fall framstår som parantesar i forteljinga. Dei same teikna til trivialisering finst i dei nyare filmane der homo- og biseksualitet kjem på banen, som Sebastian, Tommys inferno og Mannen som elsket Yngve, ifølgje Moseng.


Jo Sondre Moseng. (Foto: Høyskolen i Lillehammer)

– Sjølv om Jarle er tiltrekt av Yngve i Mannen som elsket Yngve er det den nakne kroppen til Cathrine som får mest merksemd frå kameraet. Kysset med Yngve blir redusert til eit døme på ungdommeleg nyfikenheit og dei estetiske strukturane i filmen gir ei forsikring om at brotet med heteronormativiteten aldri var endeleg.

Maria i Tommys inferno er kjærast med den mannlege hovudkarakteren. Men då ho får orgasme etter oralsex med ei venninne følgjer det naturleg at ho er lesbisk.

– Slik sit ein att med eit bilete av at den seksuelle identiteten godt kan vere flyktig og skiftande i ungdomstida, men ved inngangen til vaksenlivet må han fikserast i tråd med krava om eit modent, autentisk og stabilt sjølv, seier Moseng.