Hjerneoppvask

Hjerneoppvask

Er samfunnsvitarar som ikkje nyttar biologiske forklaringsmodellar i forskinga si verkeleg kunnskapslause eller til og med motstandarar av biologisk kunnskap? Det undrar kjønnsforskar Harriet Bjerrum Nielsen på, i kjølvatnet av den høgtempererte debatten omkring underhaldningsprogrammet Hjernevask i fjor vår.

I artikkelen «Om biologi er svaret – hva var da spørsmålet?» i seinaste Nytt norsk tidsskrift diskuterer kjønnsforskar Harriet Bjerrum Nielsen i kva grad biologisk kunnskap om kjønn er relevant for den kvalitative, samfunnsvitskaplege forskinga.

Ho meiner at biologien i mange tilhøve har avgrensa relevans for samfunnsvitskapen, men at samfunnsvitarar likevel gjer lurt i å vete noko om kva biologisk kunnskap kan bidra med. I staden for å gå ut frå at hjernen vår ikkje har endra seg sidan steinalderen, undersøker samfunnsvitskapen kor formbar den menneskelege biologien er. Av alle stader dreg Nielsen i langrennsporet for å illustrere sine poeng:

– Biologi kan forklare kvifor Marit Bjørgen aldri vil vere i stand til å vinne over Petter Northug på ski. Biologi kan delvis forklare kvifor ho likevel er i stand til å slå dei fleste andre menn i løypa.

– Men han kan ikkje forklare kvifor Bjørgen mest sannsynleg ikkje hadde vunne over fleirtalet av menn om ho hadde vore født eit par generasjonar tidlegare. Biologien har heller ingen svar på kvifor ein mann med tre gull- og to sølvmedaljar i VM blir rekna som ein mykje viktigare skiløpar enn ei kvinne med fire gull- og ein sølvmedalje, seier Nielsen.


Biologi kan forklare kvifor Petter Northug går fortare på ski, men ikkje kvifor han reknast som ein viktigare skiløpar enn Marit Bjørgen, seier professor Harriet Bjerrum Nielsen. (Foto: Dmitry Valberg/Wikimedia Commons)

Født sånn eller blitt sånn?

Men om ein kan dokumentere at den gjennomsnittlege mannen er forskjellig frå den gjennomsnittlege kvinna på enkelte kognitive og emosjonelle område – kva har dette å seie for samfunnsvitskapen?

Nielsen meiner at eit slikt funn som regel ikkje har nokon praktisk betyding for kvalitativ forsking sidan statistiske skilnadar ikkje kan seie noko om individuelle tilfelle. Dessutan er siktet eit anna, nemleg å studere meining, samhandling og korleis meir eller mindre seigliva sosiale strukturar verkar saman med raske endringar i samfunnet.

– Ein forstår ikkje meir av dynamikken i til dømes eit klasserom om ein slår fast at årsaka til kjønnsskilnadane ein observerer ligg i biologien. Effektane er dei same, uansett om dei skuldast «natur» eller «kultur» eller ei blanding. Det er eit større problem at lærarar i norske klasserom tilskriv elevane sine stereotype kjønnsroller enn at dei overser eller feiltolkar eventuelle biologiske disposisjonar, seier Nielsen.

I artikkelen skriv Harriet Bjerrum Nielsen om korleis forholdet mellom biologi og samfunnsvitskap ofte blir forstått gjennom omgrepsparet arv-miljø. Om noko er biologisk er det ikkje sosialt, og om noko er sosialt så er det ikkje biologisk. Modellen tillet rett nok at eit fenomen kan skuldast både arv og miljø, men spørsmålet blir ofte redusert til «kor mykje» det er av kvar. Det var dette synet som låg til grunn for «født sånn eller blitt sånn?» i Hjernevask, ifølgje Nielsen.

Ein av premissleverandørane for programmet var evolusjonspsykologien, som går ut frå at moderne menneske ber på ein hjerne som har vore uforandra sidan steinalderen og at livet i moderne samfunn difor byr på visse utfordringar. Alliert nummer to var åtferdsgenetikken, som lagar statistiske berekningar på kor mykje av variasjonen i evner og åtferd innan ein populasjon skuldast arv og kor mykje som skuldast miljø.

– Dette er ein måte å forstå forholdet mellom arv og miljø på som i liten grad integrerer nyare innsikter innan medisin og biologi. Nyare forsking peiker i retning av at både hjernestrukturen og genane er levande og dynamiske strukturar som til en viss grad kan tilpasse seg vilkåra menneska lever under. Det gjer at arv og miljø i praksis ikkje lar seg skilje ut i klare kategoriar, seier Nielsen.

Fakta og fortolking

– Det som blir kalla «biologiske» kjønnsskilnadar i enkelte populærvitskapelege bøker er ofte basert på samfunnsvitskapelege undersøkingar kor ein målar åtferd gjennom sjølvrapportering, eksperiment og testar. Deretter konkluderer ein at biologi må vere noko av årsaka til mønstra ein finn, fortel Nilsen.

 Som eit døme trekker ho fram Hjernevask-psykologen Simon Baron-Cohen, som i boka The essential difference frå 2003, set fram ein teori om mannlege og kvinnelege hjernar.

– Målemetodane som Baron-Cohen nytta har ingen ting med hjerneskanning å gjere. Teorien hans er basert på eit spørjeskjema som er meint å måle om ein er mest orientert mot systematikk eller empati. Kjønnsskilnadane han finn er veldig små, til dømes viser det seg at berre 49 prosent kvinner har ei “kvinneleg hjerne”. Og det utan å ta omsyn til at kjønnsskilnadane kan bli forsterka når testpersonane veit at testen handlar om kjønn.

– Når han ikkje nemner dei relativt små talla teorien hans kviler på, men berre skriv i generelle vendingar at kvinner skårar høgre på kvinnehjerne-testen enn mannehjerne-testen så seier det noko om dei svake vitskapelige data på den eine sida og styrken i den essensialistiske overbevisinga på den andre sida, hevdar Nielsen.

I praksis har det vore veldig vanskeleg å kople skilnadar i åtferd til dei skilnadane i hjernestrukturen som nevrobiologien trass alt har dokumentert, fortel Nielsen.

Skarpe frontar

Kvifor trur du temperaturen i debatten om Hjernevask, som trass alt var laga som eit lettbeint underhaldningsprogram, blei så høg?

– Eg trur at temaet «kjønn og biologi» kan knytast til kjensla av at «likestillinga har gått for langt». Samstundes som likestillingstanken står sterkt oppfattar somme likestillinga som eit middelklasse-prosjekt med lita interesse for å lytte til andre røynsler og verdiar. Debatten omkring «kjønn og biologi» kan vere eit teikn på eit underliggande demokratiproblem, som handlar om kven som kjem til orde med kva i det offentlege ordskiftet.

– På kva vis har Hjernevask-debatten påverka kjønnsforskarmiljøa?

– Eg trur det har ført til ein del ettertake om kor naudsynt det er å vere informert og nyansert i møtet med biologisk forsking. Vi som kjønnsforskarar må òg ta ein del av ansvaret for at frontane har blitt så skarpe og at spørsmålet om sosialt eller biologisk kjønn har blitt forstått som eit enten eller. Kjønnsforskinga har ofte blitt møtt med biologisk reduksjonisme, så reaksjonane er kanskje forståelege, men det hjelper ikkje å møte ein reduksjonistisk teori med ein annan.

Maniske teoriar

Harriet Bjerrum Nielsen trur mykje hadde vore vunne om forskarar frå ulike fagfelt var litt meir audmjuke med tanke på rekkevidda for eigne perspektiv og teoriar. Det er òg viktig å vere merksam på at spørsmål både kan og bør stillast på ulike nivå og at desse ikkje kan reduserast til kvarandre.

Ho trekk fram den engelske sosiologen Ian Craib, som seier at forskjellen på ein moden og ein «manisk» teori er at den første kjenner sine eigne grenser.

– Om det einaste perspektivet ein har på kjønnsskilnadar i åtferd er at det er eit resultat av ein seleksjon som ga meining i steinalderen, vil eg seie at evolusjonspsykologien framstår nokså manisk og reduksjonistisk. Men opphavleg nytta Craib omgrepet «manisk» om poststruktualistisk vitskapsteori, der somme hevda at det einaste forskinga kan seie noko om er korleis kategoriar konstituerar verkelegheita, fortel Nielsen.

– Å møte den spanande utviklinga innan genetikk og hjerneforsking med sosialkonstruksjonistiske klisjear er rett og slett pinleg. Eg meiner ikkje at samfunnsforskarane som blei intervjua i Hjernevask gjorde det, men programmet fekk det til å sjå slik ut. Det heile blei heller absurd: Harald Eia skulda sosialkonstruksjonistiske teoriar for å vere maniske, for deretter erstatte dei med ein anna manisk teori. Den undrande og spørjande Eia var berre eit påskott for å skjule hans eigen like maniske agenda, seier Nielsen.