Stikkord: Sex

Stikkord: Sex

Ei bok, utstilt i universitetsbokhandelen i Lund, vart starten på forskarkarrieren til sosiologiprofessor Karin Widerberg.

Mer om Portretter

Tittelen på boka var forlokkande.

Sex och makt.

Den unge studenten Karin Widerberg kjøpte boka på grunn av namnet.

Boka viste seg å vere gjennomgang av seksualskildringane til Henry Miller, Norman Mailer og D.H. Lawrence, sett i høve til skildringane hos den homofile forfattaren Jean Genet. Forfattar var den amerikanske litteraturvitaren Kate Millet. 

Karin Widerberg las boka i eitt strekk. Linje for linje, ord for ord gjekk Millet inn i tekstene. Ho dissekerte forfattarar som til då hadde vorte rekna som den seksuelle frigjeringas fortropp. Lesinga trigga noko i Widerberg. Ho hadde sjølv lese Miller, Mailer og Lawrence med ei vag uro.

Millet sette ord på uroa; patriarkat, kvinneforakt. Millet sitt oppgjer med den seksuelle frigjeringa blir i dag rekna som ein av 1970-talsfeminismens klassikarar.

- Det var ei openbaring, eg tenkte at slik er det, slik ser menn på kvinner. Den seksuelle frigjeringa skjedde på menn sine premissar og var veldig tøff for unge kvinner. Ein skulle liksom vere fri, men kvinner som tok seg fridom vart dårleg behandla. 

Sex og makt vart avgjerande for at Widerberg sjølv ønskte seg til forskinga. For om ein kunne arbeide med slike spørsmål, var forskingsverda med eitt svært forlokkande.  Framleis i dag er stikkordet sex når Karin Widerberg skal samanfatte kva det er som driv forskinga hennar.

Eit kjernepunkt

- Sjølv om det ikkje alltid er det eg har forska på, så er sex eit kjernepunkt. Der kan ein avlese mykje om relasjonane mellom kjønna. Anten det er lokalt, nasjonalt eller globalt, så er seksualiteten eit kjernepunkt for feminismen og likestillinga. Det tenkte eg då eg byrja forske, og det tenkjer eg framleis, seier Widerberg.

Dette svaret er ikkje heilt opplagt når ein ser på Widerbergs publikasjonsliste, for den er mangslungen. I løpet av dei 40 åra ho har vore aktiv forskar, har ho mellom anna publisert arbeid om sosiologisk metode, om vitskapleg skriving og om trøttleik.

- Seksualitet som emne er både viktig og vanskeleg. Det er ein raud tråd for mitt engasjement og min interesse, slår ho fast.

Kontoret hennar er romsleg, med velfylte bokhyller og tre store vindauge med panoramautsikt over universitetsplassen. I tillegg til å vere professor er Widerberg instituttleiar ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.  Det store kontoret følgjer med sjefsjobben. Det ligg i andre etasje i Harriet Holters hus på Blindern. Akkurat det er ho svært nøgd med.

- Vi måtte kjempe hardt for å få det namnet, seier ho.

Til Lund

Som tiåring mista ho far sin. Mora vart åleine med fem barn, og måtte ut i arbeidslivet att.

Sjølv trur Widerberg at blikket hennar for kjønnsrollar kan ha ein samanheng med denne opplevinga. Å vekse opp utan ein far, gjorde henne spesielt var for rollefordelinga i heimen til veninnene. Det var mange heimeverande mødrer og utearbeidande, fråverarande fedre.

Men å bli professor var ingen sjølvsagt karriereveg for handelsmannsdottera frå Malmö. I villastrøket der ho voks opp var det ingen som snakka om universitetet. Skolen var ho heller ikkje så spesielt oppteken av. Men ho likte å lese. Ho leste seg gjennom bokhyllene heime, skolebiblioteket på barneskolen og etter kvart inn i hovudbiblioteket i byen. I den tidlege ungdomstida brukte ho alle lommepengane sine på bøker – i all hovudsak skjønnlitteratur. 

Då ho byrja på universitetet i Lund hadde ho ikkje så store forhåpningar. På førehand hadde ho fått kjærasten sin, han som seinare skulle bli ektemannen hennar, til å love at han skulle forsørgje henne viss ho ikkje klarte det. Men universitetet viste seg å vere midt i blinken for Widerberg. Å lese, analysere og skrive passa henne svært godt.

- Det var heftig, det var fantastisk. Eg fekk oppleve erkjenning og kunnskapsproduksjon som noko som var frigjerande for tanken, fortel ho, Widerberg hadde lett for det, ho rasa gjennom faga. Aller best likte ho rettssosiologi.

- Juss var veldig interessant, det handlar om normene for samfunnet, korleis ting skal vere. Rettssosiologi er studiet av korleis lover fungerer, det handlar om alt det sosiale rundt jussen, om sambandet er mellom lovar og praksis. Juristane er jo ikkje så interesserte i det, men for meg var det veldig spennande, seier Widerberg.

Marxismen

Studiedagane fall saman med glansdagane for marxismen på svenske universitet. Widerberg var svært aktiv utanfor studia.

- Det var enormt mykje intellektuell aktivitet. Vi las om marxisme og feminisme og diskuterte, nesten døgnet rundt. Det var ei fantastisk tid, seier ho. Widerberg engasjerte seg i tidsskriftet Zenit, som var det leiande akademiske venstretidsskriftet i Sverige.

Oppglødd av møtet med Kate Millet, takka Widerberg ja då ho fekk tilbod om å ta doktorgrad i rettssosiologi. Emnet for avhandlinga  var kvinner si rettslege og sosiale stilling i Sverige frå 1750 og fram til 1970-talet. 

Heilt åleine

Widerberg heldt fram med å engasjere seg breitt medan ho arbeidde med doktorgraden. I Lund var ho med på å byggje opp eit senter for kvinneforsking, i tillegg var ho involvert i oppstarten av Kvinnovetenskaplig tidskrift, som i dag er eit av dei største nordiske tidsskrifta for kjønnsforsking. Men innanfor sitt eige fag mangla ho kontaktar.

- Sjølve avhandlinga var eit mareritt. Det var utruleg vanskeleg. Det var ingen andre kvinneforskarar, eller kjønnsforskarar. Det er vanskeleg å forstå i dag, men eg var heilt åleine både med temaet og på instituttet, fortel ho.

På biblioteket fann ho berre ei bok som handla om det emnet ho skreiv om. Boka var amerikansk og hadde tittelen Women and the law.

- Rettleiaren min var veldig hyggeleg, eg hadde eit godt forhold til han. Men han kunne absolutt ingenting om kvinneforsking, fortel ho.

For Widerberg vart det avgjerande at ho kom i kontakt med miljøet kring Tove Stang Dahl, pioneren innanfor faget kvinnerett.

- Eg var med på å starte opp ting i Sverige, men intellektuelt og akademisk var det i Noreg eg henta inspirasjon. Eg reiste på alle forskarkonferansane som var. Både Tove Stang Dahl og Harrriet Holter var inkluderande. Dei tok meg under vengene sine og lot meg bli med, seier ho.

Dei gode kontaktane i Oslo gjorde at ho tok med familien og flytta til byen i 1983 for å bli førsteamanuensis ved Institutt for rettssosiologi. Ho rakk å avansere til professor før nye oppgåver venta, som første leiar for Senter for kvinne- og kjønnsforskning.

- Åra på senteret var blant dei mest lærerike åra i livet mitt. Det var tverrfagleg. Som leiar for senteret hadde eg også det privilegiet at eg kunne plukke litt frå alle felt. Eg måtte følgje med på alt. Det var litt som på 1970-talet, men dei var meir velorganisert, fortel ho.

Tilbake til sosiologien

I 1992 fekk ho eit professorat i sosiologi. Dermed gjekk ho bort frå tverrfagleg forsking og tilbake til eit enkeltfag. Akkurat det er ho svært komfortabel med i dag. 

- For meg handlar det om kunnskapsutvikling. Eg har framleis like stort begjær etter kunnskap som det eg hadde då eg var ung. Eg er like spent når eg les ting som gjer at eg forstår. Eg elskar å vere forskar, og hadde ikkje ønska å vere noko anna enn professor. Men eg likte godt å kome tilbake til ein disiplin.

Widerberg understrekar at ho framleis har med seg blikket for kjønn.

- Sosiologar er opptekne av korleis ting blir gjort. Eg er feminist og for meg er kjønn alltid med, men då ser eg heller på korleis det verkar inn på det fenomenet eg studerer. Klasse er og alltid med, for eg har også den marxistiske tradisjonen med meg. Men eg er oppteken av ulike tema. No passar det meg godt å vere i ein disiplin. Eg lengtar ikkje tilbake til senteret.

Ho understrekar samstundes at ho fekk svært mykje ut av den tida ho var der.

- Når eg ser bakover er eg glad for at eg har vore innanfor ulike disiplinar og innanfor ulike fakultet slik at eg har kunne sjå ulike måtar å drive kunnskapsutvikling på, seier ho.

Så trøytt, så trøytt

Enkelte tema er interessante for Widerberg fordi kjønn er ein sentral del av temaet. Men det er ikkje slik med alle emne. Forskingsprosjektet på trøttleik, som ho gjennomførte saman med Ulla-Britt Lilleaas, som er professor i helsefag ved Universitetet i Agder, er eit eksempel på dette.

- Utgangspunktet for prosjektet var at vi såg at statistikkane viste at sjukefråver som hadde å gjere med stress og det å vere trøytt auka. Spørsmålet vi byrja med var kva er det som skjer med den normale trøyttheiten, kva er det folk gjer før det blir sjukeleg? Kvifor lyttar ikkje folk til signala frå kroppen når den seier at dei er trøytte? 

Widerberg og Lilleaas fann ut at to tredeler av den vaksne befolkninga føler seg så trøytte og uopplagte at dei sjølv ser på det som eit problem. Dei fann også ut at folk går raskare og i aukande grad gjer fleire ting samtidig for å spare tid. Internett viste seg også å vere ein søvntjuv. Hyppige internettbrukarar har korta ned søvnen sin med ein time dei siste åra. Men kva er det som får folk til å halde ut? 

- Det handlar mykje om korleis ein tolkar signal. Vi snakka med folk som kjenner at dei har høg puls og eit oppkava tempo. Mange opplever at denne måten å leve på gir dei sosial anerkjenning, dermed blir det eit spørsmål om identitet. Då blir dette normalen, sjølv om legane seier at det er ein unormal tilstand, fortel ho.

Desse problema er ikkje noko ein løyser ved  å seie til folk at dei bør sove meir eller kvile meir.

- Det farlege tempoet blir normalen. Om ein vil forandre noko på dette, må ein ta tak i arbeidskulturen og den sosiale kulturen, seier Widerberg.

Med kjønnsblikk

Sjølv om forskingsemnet var trøttleik, har Widerberg alltid kjønnsblikket med seg. Det er store forskjellar på menn og kvinners måte å vere trøytt på.

- Først og fremst er det å vere trøytt knytt til arbeidet. Ulike yrke, har ulike tempo og moglegheiter til å hente seg inn. I og med at arbeidsmarknaden i Noreg er såpass kjønnsdelt, gir det store utslag, seier Widerberg.

Det å vere trøytt viste seg å vere eit vanskeleg tema for mange menn.

- Mane menn reknar det som feminint å snakke om at ein er trøytt. Difor prøvar dei å skjule det på jobben. Mange synest også at det var vanskeleg å kome heim og vere sliten. Menn som gjer det får ofte melding frå kona om at dei må jobbe mindre. Dermed blir det ofte til at dei må bite seg i det og ta seg saman, fortel ho.

Når kvinner er trøytte heng det ofte saman med ønsket om å vere ei såkalla flink pike. 

- Når kvinner er trøytte er det ofte knytt til deira planleggingsfunksjon både i heimen og på jobben, og måten dei handterer problematikken med å vere ”flink pike”.

Som leiar for det største instituttet for sosiologi i Norden, har Karin Widerberg lite tid til forsking. Bøkene i det velfylte kontorbiblioteket står usorterte. Dei administrative oppgåver tek mesteparten av tida. Men professoren har planane klare for eit nytt forskingsprosjekt.

- Når eg er ferdig med jobben som instituttleiar har eg lyst til å skrive om seksualitet att. Eg trur det vil bli spennande å sjå korleis eg vil arbeide med det no, etter eit langt liv i forskinga. For det er eit felt som har vorte svært mykje endra sidan eg var ung, seier Widerberg.

Tilbake til kjerneprosjektet  altså.