Musklar og medisin

Musklar og medisin

Breie hofter gjorde kvinner ueigna til å springe langt, meinte medisinarane i mellomkrigstida. I si ferske doktoravhandling ser Kerstin Bornholdt på korleis forskarane kom fram til slike konklusjonar.

Under VM i Holmenkollen tidlegare i år jubla publikum høgt kvar gong ei utsliten Marit Bjørgen kasta seg over målstreken, som vinnar av nok ein gullmedalje.

Kontrasten er stor til utgangspunktet for Kerstin Bornholdts ferske doktorgradsavhandling i historie. Den byrjar med OL i Amsterdam i 1928. Dette var første gong kvinner fekk konkurrere i 800-meter løp. Tyske Line Radke-Batschauer sprang inn på tida 2.23, 8 og vart med det verdas første kvinnelege olympiske meister på 800-meter. Men ikkje alle likte det dei fekk sjå; kvinner som sveitta, pusta tungt og slengte seg i bakken etter å ha kryssa målstreken. 

«Den som har sett korleis til og med erfarne sportskvinner (…) kollapsa og vart liggjande på bakken etter løpet, vil som lege ikkje kunne støtte slike idrettskonkurransar for kvinner», skreiv den tyske legen H. Franzmeyer i etterkant.

800-meteren i Amsterdam vart utgangspunkt for ein engasjert internasjonal debatt om kvinner, sport og helse. Resultatet vart at 800-meter for kvinner vart fjerna som olympisk grein. Den vart ikkje gjeninnført før i 1960.

– Debatten rundt denne 800-meteren oppsummerar problemstillingane eg tek opp i avhandlinga mi. OL i 1928 var ei internasjonal hending som utløyste like reaksjonar i fleire land. I debattane som gjekk i etterkant kan ein spore ein vekselverknad mellom den nasjonale og den internasjonale debatten. I tillegg var medisinsk kunnskap svært sentralt for at 800-metersløp for kvinner vart teken ut av den olympiske konkurransen, seier Kerstin Bornholdt, som i avhandlinga granskar korleis medisinsk kunnskap om kvinner og sport vart bygd opp i mellomkrigstida i Noreg, Danmark og Tyskland.


Illustrasjon i en medisinsk fagbok fra mellomkrigstida.

Medisin og estetikk

I debatten etter 800-meteren i Amsterdam ser det ut til at medisinarane primært fungerte som ein bremsekloss mot kvinner i sport, og at dei brukte argument som ligg på sida av det vi tenkjer på som medisin-faglege i dag?

– Nokre av argumenta var reint estetiske, men ikkje alle. I mellomkrigstida trudde enkelte medisinarar at det var skadeleg å sveitte, å puste tungt, bli utmatta eller å miste kontrollen over kroppen sin. Dette var ei bekymring som også var retta mot dei mannlege idrettsutøvarane, men dei var mest uroa over kvinnene. Det var vel også meir sjokkerande å sjå kvinner sveitte og ta i, seier Bornholdt.

I arbeidet med avhandlinga har ho granska alle store norske, danske og tyske fagtidsskrift for medisin i tillegg til dei store populærvitskaplege publikasjonane om medisin og sport i dei tre landa i mellomkrigstida. Ho ser på korleis kunnskapen om kvinner og sport blir produsert i samspel mellom legar, fysiologar, trenarar og sportsutøvarar, og på korleis kunnskap og argumentasjon blir overført frå land til land og frå tekst til tekst.

– Eg er ute etter å kartleggje kva som var gangbar argumentasjon, og etter å sjå kvar tankane kjem frå. Eg ser på kva undersøkingar dei byggjer analysane sine på, og på korleis dei tolkar kunnskapen. Medisinske funn vart tolka dit hen at kvinner ikkje kunne springe langt, og at dei i alle fall ikkje burde springe langt i konkurransar.

Ulik tolking

– Medisinarane studerte for eksempel bilete av kroppar før og etter trening. Trening gav kvinnekroppen breiare skuldrer og gjorde dei smalare over hoftene, desse små forandringane vart tolka. Tynne kroppar med musklar vart tolka som noko guteaktig. Så skreiv ein forskar at dei slanke kvinnene vel idrett, den neste tolka det som at guteaktige kvinner vel idrett, og den neste skreiv at idretten maskuliniserer kvinner, fortel Bornholdt.


Kvinnekroppar før og etter trening. Bileta vart brukt i ei medisinsk fagbok som illustrasjon til kva treninga gjer med kroppen.

Den innflytelsesrike tyske gynekologen Hugo Sellheim skreiv artiklar om at sportskvinner får vanskelege fødslar på grunn av sine smale bekken og at treninga kunne gjere dei sterile.  Frykt for hermafrodittisme dukkar også opp i forskingstekstane. Utetter på 1920-talet endra enkelte medisinarar synet sitt på kvinner og sport. Bornholdt påpeikar at denne fagkunnskapen vart utvikla i kjølvatnet av at stadig fleire kvinner byrja drive sport.

– Nokre medisinarar byrja sjå på kjønn som noko meir komplekst. Dei skreiv ikkje lenger om ein kvinnekropp og ein mannskropp som noko dikotomisk, men om gradar og ulike typar. Muskuløse idrettskvinner representerte ein variant av kvinnekroppen, seier Bornholdt.

Gymnastikken

Samstundes med at kvinnene kom inn på idrettsarenaane, og med at ny kunnskap om kvinner og sport vart utvikla, dukka det opp nye sportsgreiner. Grunnleggjarane hevda at dei var særleg eigna for kvinner. I Noreg og Danmark var det Björkstén-gymnastikken som tok over som kvinneidrett. I Tyskland meinte mange trenarar og medisinarar at rytmisk gymnastikk, ein forløpar til dagens rytmiske sportsgymnastikk, var den beste sportsarten for kvinner.

– Gjennom analysane av kvinnekroppar som trena byrja medisinarane å utvikle eit meir fleirtydig bilete av kvinnekroppen. Gymnastikken kan forståast som eit forsøk på å gjere det heile meir eintydig igjen, seier Bornholdt.

Utgangspunktet for den skandinaviske kvinnesporten var gymnastikken utvikla av svensken Pehr Henrik Ling. Lings gymnastikk var i utgangspunktet kjønnsnøytral, både kvinner og menn deltok. Utøvarane skulle gjere det grunnleggjaren meinte var naturlege rørsler, i tråd med anatomiske og fysiologiske lovar. I kvar gymnastikktime skulle ein arbeide med kvar einskild kroppsdel, kvar muskelgruppe og kvart organ. Utøvarane skulle følgje ein instruktør og bevege seg i takt.  Den finske legen Elli Björkstén lanserte sin gymnastikk som ein kvinneleg variant av Lings gymnastikk.


Kerstin Bornholdt. (Foto: Astrid S. Dypvik)

Sjølve målet med Bjørksténs øvingar var nytt, ein skulle trene smidigheit, eleganse og lettheit. Målet var å få ei god kroppshaldning. Bjørksténs variant fekk raskt gjennomslag. Medisinarar, trenarar og andre byrja å omtale den i utgangspunktet kjønnsnøytrale Ling-gymnastikken som ei mannleg idrettsform. Eit slåande eksempel er den danske gymnastikklæraren Sigrid Nutzhorn, som i 1913 skreiv ei lærebok om gymnastikk for barn der ho ikkje skilde mellom gutar og jenter. I 1936 hadde ho forandra syn, og publiserte ein artikkel der ho hevda at Ling-gymnastikken var ei maskulin idrettsform.

Den tyske turninga

Den tyske rytmiske gymnastikken vart lansert på 1920-talet. Rørslemønsteret var annleis enn i den skandinaviske kvinnegymnastikken, her skulle rørslene flyte over i kvarandre. Idealet  var rørsler i naturen, bølgjene i havet og vinden som ruska i trekronene. Rytmisk gymnastikk vart utvikla i same tidsrom som Rudolf Steiners eurytmi og har mange fellestrekk med denne. Eleganse var eit sentralt mål også innanfor den tyske kvinnegymnastikken. Interessant nok syntes dei skandinaviske Björkstén-entusiastane at den tyske gymnastikken var svært uestetisk. Ein skandinavisk  Björkstén-tilhengar skreiv at den tyske kvinnegymnastikken minna henne om kroppar som vrei seg i smerte og kasta opp. 

– Det er svært interessant å sjå på korleis medisinarane tolkar gymnastikken. Forskarane skriv for eksempel at kvinnene har ekspressive musklar, musklar som er eigna til å gjere elegante rørsler, seier Bornholdt.

Reint fysiologisk er ekspressive musklar noko som ikkje finst. Det finst derimot to ulike type muskelfibrar, lange og korte. Den som har overvekt av lange muskelfibrar er betre eigna for langdistanse og uthaldenheit, medan folk med overvekt av korte muskelfibrar har spesielt gode føresetnader for å drive med eksplosive idrettar som sprint og lengdehopp. Alt dette var kjend kunnskap innanfor medisin i mellomkrigstida.

– Forskarane visste at ekspressive musklar var noko som ikkje fantes, men dei skriv likevel om det. Ein finn det til og med i same tekst. Forfattaren kan først slå fast at det finst to typar muskelfibrar, og litt lenger ned i same tekst kome med ei utgreiing om kvinners ekspressive musklar. Dette viser eit interessant møte mellom vitskapleg kunnskap og populære førestillingar, og ikkje minst korleis tankar i tida påverkar kunnskapsproduksjonen innanfor medisin, seier Bornholdt.