Øystein Gullvåg Holter: Noregs første mannsprofessor

Øystein Gullvåg Holter: Noregs første mannsprofessor

Fleire menn til feltet og meir maskulinitet er noko av det vi kan venta oss når landets første professor i likestillings- og maskulinitetsforsking er tilsett.

 


Øystein Gullvåg Holter er Noregs første professor i likestillings- og maskulinitetsforsking. (Foto: Moment Studio)

– For meg er det viktig å integrera perspektiv knytt til maskulinitet og likestilling innanfor andre fag, seier Øystein Gullvåg Holter. Dette er eit av fleire sentrale punkt for den nyslåtte professor Holter når han skal svara på korleis forskingsnoreg skal få merka at landet har fått sin første professor i likestillings- og maskulinitetsforsking, tilsett ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning i Oslo.

– Eg vil bidra til dialog mellom kjønnsforskinga og dei andre faga på nye forskingsområde, sjølvsagt etter evne og ut frå mine tyngdepunkt. Eit av desse ligg i grenselandet mellom økonomi og sosiologi – dei tunge og seige strukturane.

Holter seier at han også ønskjer å stimulera nysgjerrigheita og finna nye tilnærmingsformer. I dette perspektivet framhevar han at det er interessant at det i Norges forskningsråd sitt nye kjønnsforskingsprogram ligg inne ei spesifikk bestilling på meir grunnforsking og teori om likestilling.

 Eit fjerde punkt for Holter er knytt til studentane. Han vil bidra til at det kjem fleire studentar til sentret, og då særleg mannlege studentar.

– Av 25 studentar er om lag 80 prosent kvinner. Til og med innanfor emne knytte til mannsforsking er mennene i mindretal.

Ein pioner

Holter har ei lang publikasjonsliste. På denne står arbeid om både familien, omsorg og arbeidslivet. Han har til no vore forskingsleiar på Nordisk institutt for kunnskap om kjønn. Den siste publikasjonen hans er rapporten Likestilling og livskvalitet 2007, som er Nordens største spørjeundersøking om menn, likestilling og livskvalitet.

– Han var ein av dei første som byrja på dette fagfeltet, og har vore ein pioner, seier Jorunn Økland, professor og kollega av Holter ved Senter for tverrfaglig kjønnsforsking.

Senteret startet opp som Senter for kvinneforsking, tok ein tur innom Senter for kvinne- og kjønnsforskning, før det i år endte opp med sitt nye kjønnsnøytrale namn.

– Vi meiner det betyr anerkjenning av fagområdet mannsforsking at vi no har fått dette professoratet, seier Oddrun Rangsæter, kontorsjef ved senteret.

Ikkje maktblind

Professor Holter oppfattar namneendringa på senteret som eit signal om endring. 

– Mykje kjem nok av endringar på tvers, i heile kjønnsforskningsfeltet. Dette kan ein forstå på fleire nivå. På signalnivå blir det meir tydeleg at begge kjønn trekkjast med. På forskingsnivå har denne utviklinga alt vore i gang ei tid, så eg er ikkje så sikker på at det betyr så mykje.

Det likestillingsprofessoren derimot er sikker på er at når mannsforskinga får plass, når menns syn blir representert, tyder ikkje det at forskinga blir maktblind.

– Kjønnsforskinga blir ikkje mindre kritisk av at mannsforskinga blir utvikla som fagdisiplin. Om ein er kritisk eller ikkje, er noko anna enn om ein har fokus på kvinner eller på menn. Det er to ulike dimensjonar, seier han, og det er tydeleg at dette er ein diskusjon han har hatt før.

– Mannsforskinga gir eit bidrag til å både få fram menns syn innanfrå, på eige premiss, og i ein dialog mellom menns eigaforståing og kvinner og andre si oppleving av det same. For å sitera min kjønnsforskingskollega Jorun Solheim; ”når det gjeld kjønn, så er det to av dei”. Det handlar ikkje minst om demokratisering.


– Mannsforskinga gir eit bidrag til å få fram menns syn innanfrå, på eige premiss, meiner Øystein Gullvåg Holter. (Foto: Moment Studio)

Oppsving

Men mannsforskinga er framleis eit lite felt, også innanfor kjønnsforskinga.

– Den praktisk situasjonen er at mannsforskinga er eit lite og marginalt felt innanfor kjønnsforskinga. Kanskje ti eller tjue prosent av kjønnsforskinga har fokus på menn. Så det er viktig at vi får fleire stillingar på feltet.

Samtidig er han einig i at mannsforskinga har fått eit oppsving i dei siste åra.

– Vi har sett ein klar framgang i norsk mannsforsking dei siste ti åra. Mannsforskinga er også viktig innanfor det nordiske likestillingsprosjektet. Det har vorte meir tydeleg at likestilling også handlar om menn, og at menn og gutar er i endring. Undersøkingar om praktisk deling av omsorg, arbeid og avgjerder i heimen viser at fleire menn stillar opp på heimebane.

Mannsforskinga kastar også lys over ”det evige problemet”, den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. Holter viser til at 65 prosent av mennene som jobbar i typiske mannsyrke ønskjer større kjønnsbalanse på arbeidsplassen. 85 prosent av kvinnene som jobbar i kvinnedominerte yrke ønskjer også større kjønnsbalanse.

– At så mange menn ønskjer kjønnsbalanse er både overraskande og interessant.

Det som betyr noko

 – Å gå inn i kjønnsforskinga var i si tid ikkje akkurat nokon trygg karriereveg i akademia?

– For min del handla det vel om tidleg påverknad. Eg voks opp med kjønnsdiskusjonar.

Holters mor var kvinneforskingspioneren Harriet Holter som er æra med eit eige hus på Blinderncampusen, Harriet Holters hus. Gullvåg Holter sjølv byrja med å forska på musikk. Han forska på dei som høyrer på musikken, livet på diskotek, klubbar og sjekkestader. Det var då han skreiv ”Sjekking, Kjærlighet og Kjønnsmarked” i 1981 han melde overgang til kjønnsforskinga. På 1980- og 1990-talet var han med på ein rekke prosjekt om arbeidsliv og familieliv blant oljependlarar til Nordsjøen, lærarar, journalistar og andre grupper, og forsking om likestilling og omstilling, på Arbeidsforskningsinstituttet i Oslo.

– Sjølv brukar eg seia til ambisiøse studentar at dei ikkje berre må tenkja på studiepoeng og karriereplanar. Eg ber dei om også å legga vekt på kva som engasjerer dei. Det er alltid eit usikkert tilvære innanfor akademia. Så då er det betre å halda på med det som betyr noko.

 Professoren er snar med å legga til nokre ord om nødvendig distanse til det ein forskar på.

Det grunnleggjande spørsmålet

- Goethes Faust forskar og studerer for å forstå kva det er som held verda i hop. Har du eit underliggande spørsmål du prøvar å finna ut av?

– Jau då, seier Gullvåg Holter og peikar mot bokhylla.

Her står doktoravhandlinga hans, seks hundre sider engelsk tekst med den ubeskjedne tittelen ”Gender, Patriarchy and Capitalism: A Social Forms Analysis” (1997).

– I denne avhandlinga skreiv eg om dei drivkreftene som skaper kjønnsdiskriminering. Den bygde på min arbeids- og familieforsking, og på fire år med historisk-sosiologiske studium av kjønn, makt og familie. Spørsmålet var korleis ein kan forstå og endre strukturar og drivkrefter som skaper kjønnsdiskriminering. Det er framleis like aktuelt.

Nokre meiner at slik forsking blir for politisk. Det er ikkje Holter einig i.

– Meir kunnskap er sentralt uansett politisk syn. Her i Noreg er det viktig at vi utviklar meir kompetanse – nettopp fordi vi ligg langt framme på likestillingsområdet, internasjonalt sett. Dette handlar om forsking med ulike posisjonar og rom for mangfald og god debatt. Eg gler meg til å bidra til ei slik pluralistisk og spørjande utvikling i den nye stillinga, avsluttar professoren.