Kronikk

Skal vi forske på mannen eller maskuliniteten?

I vårt samfunn er det ikkje berre menn som forvaltar maskuliniteten lenger. Den er blitt til ein del av vår leiingsideologi, vårt førarprinsipp, skriv Stephen J. Walton.
Vi har ein likestillingsideologi som primært set kvinner i stand til å tevle på det som tidlegare var middelklassemannens premissar, skriv Walton i denne kronikken. Foto: Privat

Denne kronikkserien vart sparka i gang av Kildens redaktør Linda Rustad som konstaterer at «det forskes mye på menn, men lite på menn som kjønn». Dessutan peikte ho på at ei lang rekkje fag «har menns livsverd som utgangspunkt, utan at det er uttalt».

Eg kom til å tenkje på ei bok som eg kjøpte i studietida, Vilhelm Østergaards Illustrert dansk literaturhistorie, utgitt av Gyldendal i Køpenhamn og Kristiania i 1907 med heile 302 tekstillustrasjonar og 707 sider. Og på sidene 639 til 647 finn vi altså kapittelet «Forfatterinder».

Når forfattarinnene breier seg over så mykje som 8 av dei 707 sidene, er det fordi det er blitt så mange av dei i det siste, skriv Østergaard. Her aner vi eit gufs av kjønnskonkurransens kalde vind som snart skulle blåse over ende mennenes skriftkulturelle monopol.

Mannen som det universelle

For menn som Østergaard, i den siste generasjonen som var urørde av feminismen og dei sosiale krava frå kvinnene, representerte mannen framleis det universelle på ein sjølvsagt og uproblematisk måte.

I den jødisk-kristne kulturkrinsen hadde vi ein maskulint kjønna gud som greip inn i den materielle verda gjennom ei rekkje språkhandlingar, og ei skapingssoge der kvinna vart til gjennom eit snedig lite kirurgisk inngrep da Gud fjerna eitt av Adam sine ribbein – noko som i si tid gav namnet til det engelske feministbladet Spare Rib.

Ein oppfatta menneskekroppen som grunnleggjande felles for både menn og kvinner.

Det mannlege aksiomet, eller grunnregelen, og det kvinnelege unntaket levde vidare både som samfunnsberande prinsipp og som konkret forståing av kroppen iallfall fram til modernitetens omkalfatring av kjønn og genus på 1700-talet.

Som Thomas Laqueur lærte oss på nittitalet, med verket: Making Sex. Body and Gender from the Greeks to Freud, levde vi i Vesten fram til da i eit samfunn som i utgangpunktet opererte med eitt kjønn, men to genus.

Ein oppfatta menneskekroppen som grunnleggjande felles for både menn og kvinner. Sjølvsagt såg folk dei opplagde skilnadene, men ein tolka dei inn i eit skjema der mannskroppen og kvinnekroppen var like.

Bortsett frå at kvinnekroppen på alle punkt var ein mindreverdig, nærmast dysfunksjonell versjon av mannskroppen, mindre, veikare, slegen ut av mensen, tyngd av barnefødslar, med innovervende kjønnsorgan som gøymde seg.

Det generelle mindreverdet til kvinna genererte eit genussystem der ho var underlegen og underlagd mannens autoritet og universalitet.

To kjønn og to genus

Under moderniteten tok systemet til å endre seg. Mikroskopet endra synet på kroppen fundamentalt, ein gjorde store framsteg i kirurgien og anatomien, og ein forstod for første gong i detalj korleis forplantinga gjekk føre seg.

Samtidig voks gruppa med kvinner i det borgarlege samfunnet utan nokon annan opplagd funksjon enn nettopp forplanting. Ideen om at menneskekroppen ikkje var felles, men derimot grunnleggjande kjønnsdelt, breidde seg samtidig som differensieringa i den sosiale funksjonen til dei no to kjønna auka.

Resultatet var eit system med to kjønn og to genus, der det var ei norm at kjønn og genus skulle vere mest mogeleg samanfallande. Ein mann skulle opptre maskulint, ei kvinne feminint.

Unntak frå denne norma vart lesne som symptom på den nyoppfunne patologiske tilstanden homoseksualitet. Mens ein feminin mann på 1600-talet kunne mistenkjast for å vere så glad i damer at han likna på dei, vart han på 1800-talet mistenkt for å vilje trekkje til seg menn. Ordentlege menn.

Modernitetens system med to kjønn og to genus avfødde kvinnekampen og homokampen. I lengda måtte den mannlege, fallogosentriske universalismen falle for eigne sjølvmotseiingar i ein modernitet som også svor seg til likskap, fridom, og brorskap, men dette skjedde ikkje utan kamp og konflikt.

Mannen som kjønn

Avviklinga av den mannlege universalismen førte til iallfall to grunnleggjande endringar. For det første fekk mannen eit kjønn. Ein ser konsekvensane av dette overalt i forbruket, i media, i kommunikasjonane.

Menn stiller seg ut på ein annan måte enn før, både for kvinner og menn. Dei er på dejtingsider, dei er klede- og motemedvitne, dei trenar, dei er medvitne om utsjånaden på ein heilt annan måte enn t.d. min generasjon var i vår ungdom på sytti- og åtti talet, dei har kroppsangst.

Mennene til liks med kvinnene har måtta lære å opptre som objekt.

Dei unge og ikkje så unge veit at dei må selje seg på ein marknad, vere «attraktive» som dei seier både i privatlivet og på arbeidsmarknaden. Det å få eit kjønn i dette systemet vil i praksis seie å bli jamstilt med kvinnene, som alltid har visst at dei  måtte selje seg og gjere seg lekre.

Det tyder også at mennene til liks med kvinnene har måtta lære å opptre som objekt. Sidan heile den tradisjonelle sosialiseringa av gutar i vår del av verda har gått ut på at dei er eit subjekt, har overgangen til objekt vore særskilt vanskeleg for mange menn, ikkje minst fordi ingen snakkar om dette og dei aldri får noka opplæring i det.

Mannen som tapar

Dermed er vi over på det andre nye i mennenes liv, nemleg at dei blir oppfatta og framstilte som taparar, eller meir presist at det finst fleire menn enn før som set seg sjølve i scene som taparar.

Konkurransen under den seinmoderne globaliserte kapitalismen er generelt skjerpa, krava er hardare, mange av dei stereotypisk mannlege dugleikane er ikkje lenger etterspurde. Tidlegare underordna grupper som kvinner, homoseksuelle og innvandrarar sit inne med kompetanse og haldningar som i større grad blir etterspurde.

I alle vestlege land finst det no politiske parti og sosiale rørsler som har spesialisert seg på å appellere til menn som føler at dei har tapt i eigenskap av å vere menn. Menn som før kunne ha kompensert for dei tapa som livet uansett hadde påført dei med ein overlegen status som mann, får ikkje erstatning lenger.

Sjølvsagt finst det mange menn som trivst utmerka godt i det nye kjønns- og genussystemet, men oss høyrer ein sjeldan frå. Det er vedteke og opplese at mannen, Mannen, har tapt.

Men er det like vedteke at maskuliniteten har tapt? Kan det til dømes tenkjast at vi i dei statsfeministiske nordiske velferdssamfunna faktisk har utvikla modernitetens modell med to kjønn og to genus vidare slik at vi no er godt på veg mot eit system med to kjønn og eitt genus? Og kan det vidare tenkjast at det fellesgenuset vi no sit att med i hovudsak byggjer på maskuliniteten?

Likestilling på middelklassemannens premissar

Dei nordiske velferdssamfunna har for lengst forlate sosialdemokratiske organiseringsprinsipp i praksis, og er blitt til effektive kapitalistiske konkurransesamfunn der det blir børsta støv av den sosialdemokratiske retorikken på offentlege høgtidsdagar .

Sjølvsagt finst det mange menn som trivst utmerka godt i det nye kjønns- og genussystemet, men oss høyrer ein sjeldan frå.

Vi har ein likestillingsideologi som primært set kvinner i stand til å tevle på det som tidlegare var middelklassemannens premissar. Dei skal vere tøffe, ha spisse olbogar, vere offensive, vise entreprenørskap, vere pågåande, ha ballar, vise musklar, ta sjansar, skjere igjennom, og så bortetter. Vi kjenner alle retorikken.

Og når normene i det såkalla næringslivet er slik, offentleg så vel som privat, må kvinner sjølvsagt vere med, eller gi opp. Vi kjenner også alle retorikken om kor fint det er med unge menn i omsorgsyrke, og i pappaperm: og kor vanskeleg det er å få dei inn dit, og å få alle menn til å ta ut den permen dei har krav på.

Maskulinitet som førarprinsipp

Unge menneske har ein godt utvikla innebygd bullshitdetektor, og dei forstår kor mykje meir prestisje det maskuline har enn det feminine, trass i retorikken.

Éi gruppe som avslører realitetane i genussystemet vårt særleg kontant, er dei etter måten mange jentene som no melder seg til helsevesenet som kandidatar for ein kjønnsdysforidiagnose, som vil seie at anatomisk kjønn og eiga oppleving av kjønnsidentitet ikkje samsvarar. I 2008 har talet på jenter mellom 13 og 17 som får denne diagnosen i Sverige auka med 1500 prosent, tilsvarande tal for unge menn mellom 18 og 24 er 400 prosent.

Dette er ei kompleks problemstilling som det ikkje er plass til å drøfte skikkeleg her, men ein kan kanskje oppfatte desse jentene som kanarifuglane i genussystemets gruvesjakt. Dei fangar opp noko, og dei syng ut sjølv om det kostar dei mykje.

Kanskje det er slik at desse særskilt følsame og váre personane skjøner at samfunnet er styrt etter eit sublimert ønske om at alle skal oppføre seg maskulint. Korfor ikkje da ta det fullt ut, og bli til ein mann?

I vårt samfunn er det ikkje berre menn som forvaltar maskuliniteten lenger. Den er blitt til ein del av vår leiingsideologi, vårt førarprinsipp. Og da spørst det om det er mannen vi bør forske på, eller maskuliniteten.

Les også: Mexicos tredje genus

Menn og maskuliniteter:

I denne kronikkserien har vi invitert forskere til å skrive om forskning på menn.

Målet er å bidra til å skape oppmerksomhet og spre kunnskap om et viktig, men lite beskrevet område; nemlig forskning på mannsroller og maskuliniteter.

Les øvrige innlegg her:

Hva med menn?

Skal vi forske på mannen eller maskuliniteten?

Hvorfor er stadig flere menn barnløse?

Mangfold og mannfolk i Sápmi

Hvem skal gi omsorg til menn som faller utenfor?

Hvilken status har arbeidermannen i dagens Norge

Gutters problemer i skolen handler ikke bare om kjønn

Kvar er dei mannlege lærarane?

Vold er en menneskelig, ikke en kjønnet erfaring

Latest news

Calendar

News Magazine

Our news magazine is an independent online newspaper and a member of the Norwegian Specialised Press Association Fagpressen.