- Alle bør jobbe heiltid

Sidan 70-talet har deltidsarbeid endra seg frå å representere moglegheiter for kvinner som ønskte å gå ut i arbeidslivet, til å bli ei utfordring for velferdsstatens bereevne. Det viser ny forsking.
Både frivillig og ufrivillig deltid er utbreidd i helse- og omsorgssektoren. Eit ønske om å ha tid og krefter att etter arbeidsdagen, er gjennomgåande. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

Deltidsarbeid, og då særleg kvinners deltidsarbeid, har vore omdiskutert i snart ein kvinnealder. Sist veke var deltid tema for eit seminar hos Institutt for arbeidslivs- og velferdsforskning (Fafo). Den talande tittelen «Deltid – løsningen som ble et problem?» oppsummerer femti år med endringar i synet på kvinners deltid. 

Forskingssjef ved Fafo, Sissel C. Trygstad, peika i opninga si på fleire internasjonale trendar som er med på å drive endringane i arbeidslivet, og med det korleis vi handterer spørsmål om arbeidstid. Arbeidsmigrasjon frå aust, finanskrisa i 2008, migrasjon og tilhøyrande integreringspolitikk, og digitalisering er slike trendar.

– Det er ikkje noko nytt at teknologi endrar arbeidslivet, men mange ventar at endringane no vil skje raskare, og at vi vil få ei polarisering i arbeidsmarknaden der dei på toppen vil ha gode vilkår og rom for utvikling, dei på botnen vil ha usikre arbeidsformer og få alternativ, og dei i midten vil bli færre, sa ho.

Store endringar i synet på deltid

Anne Lise Ellingsæter, som er professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo, har saman med Ragnhild Steen Jensen ved Fafo undersøkt korleis deltid for kvinner blir omtala i politisk samanheng dei siste førti åra. Materialet dei har brukt, er eit utval NOU-ar (Noregs offentlege utgreiingar) frå 1978 til 2016. I sitt innlegg på seminaret viste Ellingsæter korleis haldninga til deltid har utvikla seg.

Anne Lise Ellingsæter har sett på korleis haldninga til deltid har utvikla seg over femti år. Foto: UiO

– Den korte konklusjonen er at det har vore ei veldig stor endring i synet på deltid i desse utgreiingane. I utgangspunktet var deltid sett som ein mogleg strategi for å få kvinner inn i løna arbeid og gje det sjølvstendigheit og valfridom. Men i dag er det eit uønskt fenomen: Alle bør jobbe heiltid, sa Ellingsæter til dei frammøtte på seminaret.

Endringa har skjedd i fasar, og heng i hop med tilsvarande store endringar i arbeidsmarknad, familiepolitikk og familiepraksisar. Då kvinnene entra arbeidslivet i store tal tidleg i 70-åra, var utgangspunktet ein modell der mannen var familieforsørgjar og kvinner hadde hovudansvar for born. Deltidsarbeid vart ein mellombels strategi som let kvinner jobbe på same tid som ein tok omsyn til omsorgsansvaret deira.

Frå samfunnsborgar til skattebetalar

På 80-talet vartarbeidstid eit sentralt politisk spørsmål, og diskusjonane gjekk om kva som skulle prioriterast – kortare arbeidstid eller lågare pensjonsalder, til dømes. Ein ønskte også å leggje til rette for at arbeidstakarar hadde tid og moglegheit til å vere aktive samfunnsborgarar, ikkje berre arbeidstakarar.

– Men samfunnsborgar- og velferdsperspektiva forsvann utover 90-talet, til fordel for fleksibilitet i arbeidsmarkanden og individuelle val, peika Ellingsæter på.

Det kan vere vanskeleg å skilje mellom deltid som eit val, og deltid som blir skapt av omstenda.

Det var mot slutten av 90-talet at ufrivillig deltid oppsto som eit problem, trass i at dei aller fleste som jobbar deltid, gjer det frivillig. Frå no av vaks den underliggjande premissen fram om at flest mogleg burde arbeide heiltid.

– Sidan om lag 2010 har dette med retten til å velje redusert arbeidstid, forsvunne som ein verdi i seg sjølv. No handlar det heller om omsynet til velferdsstatens berekraft, sa Ellingsæter.

Den kjønnsnøytrale arbeidstakaren

Til Kilden seier Ellingsæter at NOU-ar er ei lite brukt kjelde til kunnskap om korleis ein har sett på samfunnsfenomen over tid.

– Dei er viktige fordi dei hjelper politikarane å finne løysingar på samfunnsutfordringar, og dei reflekterer heilt klart samfunnsdebatten, seier ho.

I utgangspunktet var det ingenting som låg til rette for kvinnenes inntog på arbeidsmarknaden. Det vart kalla ein «uintendert arbeidslivsreform», ifølgje Ellingsæter. Kvinnene starta typisk å jobbe når borna byrja eller hadde gått eit par år på skulen, og deltid var måten ein fekk det til på, i påvente av full barnehagedekning.

– Samstundes hadde ein tankar om at det ville vere fint også for menn å få høve til å jobbe redusert. Deling av arbeidstid mellom kvinner og menn var ein del av konteksten til inn på 80-talet.

Hanne Cecilie Kavli har studert deltidsarbeid i helse- og omsorgssektoren. Foto: Privat.

Dreiinga mot ufrivillig deltid som eit problem, skjedde parallelt med at behovet for arbeidskraft endra seg. Medan ein tidlegare hadde vore uroa for arbeidsløyse, vart det no mangel på arbeidskraft.

Ellingsæter meiner arbeidslivet i den perioden dei har studert, er blitt meir kjønnsnøytralt i Noreg. I starten vart kvinnelege arbeidstakarar sett på som belemra med omsorgsplikter, og deltid vart den realistiske løysinga for å la dei sleppe til i arbeidslivet. I dag, derimot, er deltidsarbeid meir utbreidd mellom kvinner utan omsorgsansvar. Omsorgsreformer som fedrekvote og barnehageutbygging har omfordelt omsorgsarbeidet både innanfor familiane og mellom familien og det offentlege.

– Alt dette kan tolkast som at kvinner er blitt avkjønna som arbeidstakarar. Samstundes har det skjedd ei dreiing vekk frå tanken om at arbeidstakarar også er samfunnsborgarar. No er ein forventa å bidra til velferdsstatens berekraft, og kvinners deltid er ein arbeidskraftreserve som kan tappast. Ein kan spørje om kvinners rett til å jobbe deltid er erstatta av ei plikt til å jobbe heiltid, seier Ellingsæter.

Debatten om deltid i dag er for det meste fokusert på helse- og omsorgssektoren der behovet for arbeidskraft er stort, og på omsynet til framtidas skattegrunnlag og velferdstenester.

– Men nokon overordna debatt om arbeidstid har vi ikkje hatt sidan tidleg på 80-talet. Arbeidskraftbehov og velferdsstaten er så tunge trendar at dei ikkje blir utfordra , seier Ellingsæter.

– Det kan hende vi på sikt får ein ny slik debatt i lys av klima- og miljøomsyn og grøn omstilling. Men førebels ser vi ikkje spor av slikt i NOU-ane.

Deltid og utanforskap

Eit anna sentralt tema på seminaret, som i forskingsprosjektet, var såkalla dualisering, eller skilje mellom dei som er «innanfor» og dei som er «utanfor». Sagt på ein annan måte, under kva rammevilkår endrar deltidsarbeid seg frå å vere ei trygg tilknyting til arbeidslivet, til å bli utrygg? Kva avgjer om deltidsarbeid medfører utanforskap? Kva er skilnaden på «god» og «dårleg» deltid? Og korleis påverkar politikk og reguleringar dette skiljet?

Seniorforskar ved Fafo, Hanne Cecilie Kavli, har studert deltidsarbeid i helse- og omsorgssektoren, der både frivillig og ufrivillig deltid er utbreidd. Ho fann fleire grunnar til at kvinner i denne sektoren veljer deltid.

Vi ser også at helsesektoren er ein viktig kanal for å rekruttere innvandrarar inn i norsk arbeidsliv.

– Eit ønske om å ha tid og krefter att etter arbeidsdagen, er gjennomgåande. Det kan vi kalle deltid som eit verdival og som eit økonomisk overskotsfenomen. Dei fleste i denne kategorien meinte at dei, om dei vil, kan gå over i heiltid på relativt kort varsel, sa ho.

Ein annan kategori av deltidsarbeidande kvinner i materialet, er vaksne kvinner med born som har flytta heimanfrå, og som gjekk ut i arbeidslivet i ei anna tid, då haldningane til arbeidande mødrer var svært annleis enn i dag. Hos desse er det meir snakk om «deltid som ein vane». Ei tredje gruppe er dei som opplever at rammevilkåra for å utføre jobben blir vanskelegare, og deltid blir ein strategi for å halde ut i jobben lenger.

– Det kan vere vanskeleg å skilje mellom deltid som eit val, og deltid som blir skapt av omstenda. Vi ser at nokre arbeidstakarar privatiserer strukturelle utfordringar som gjer at dei ikkje orkar eller greier å stå i full stilling, peika Kavli på.

Kompetanse avgjer

Når det gjeld ufrivillig deltid, er det dei arbeidstakarane med lågast krav til formell kompetanse som er mest utsett.

– Vi ser også at helsesektoren er ein viktig kanal for å rekruttere innvandrarar inn i norsk arbeidsliv. No er det blitt strengare krav til dokumenterte norskferdigheiter for å få fast stilling, men dei som kjem til Noreg med lite skulebakgrunn, har ofte vanskeleg for å bestå ei norskprøve på så høgt nivå – spesielt den skriftlege delen. Dei hamnar difor lett i dårlegare og meir prekære posisjonar, sa ho.

Fafo-forskar Heidi Nicolaisen peika på at frå eit arbeidsgjevarperspektiv spring mykje av det ufrivillige deltidsarbeidet i helsesektoren ut av utfordringar med sjukefråvær og med å få helgeturnusar til å gå opp.

– Vi veit at sjukefråværet er høgt i denne sektoren. Ein av informantane sa at ho av og til enda med å måtte betale tre gonger for den same vakta: Først for arbeidstakaren som vart sjuk, så for vikaren som også vart sjuk, og så for vikaren for vikaren.

Ei anna utfordring for arbeidsgjevarar er å sikre tilstrekkeleg kvalitet på tenestene. Det siste tiåret er arbeidsmiljølova endra fleire gonger for å gje arbeidstakarar rett til ei stilling som svarar til den faktiske tida ein jobbar. Tilsette med låg kompetanse er nyttige vikarar, men arbeidsgjevarar vegrar seg for å kome i ein situasjon der ein er forplikta til å tilsette i større stilling.

– Og eit tredje dilemma er dårlege norskkunnskapar. Ein leiar fortalde at ho hadde nær førti ulike nasjonalitetar mellom dei tilsette på sjukeheimen, og hadde ho meir enn tre med dårlege norskferdigheiter på jobb samstundes, vart det problem, sa Nicolaisen.

Ho konkluderte i sitt innlegg med at deltid blir til utanforskap når ein arbeider i små stillingsprosentar og må jage ekstravakter over lang tid for å tene nok til å få kvardagen til å gå rundt.

– Då er ein ikkje ein fullverdig deltakar i arbeidsmarknaden, ein vil slite med å få lån, ein har uføreseieleg arbeidstid og dermed også uføreseieleg fritid. Men arbeidsgjevarar prøver ofte å unngå å auke arbeidstida til denne typen tilsette, av omsyn til tenestekvalitet og tursnusmatematikk. Dei har ansvar for å levere tenester av høg kvalitet i ein kompleks kvardag, sa ho.

Mer om forskningen

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.