Fekk pris for oppgåve om diskriminerande pensjon

Fekk pris for oppgåve om diskriminerande pensjon

Kan pensjonerte husmødrer tape på at yngre karrierekvinner får betre vern mot diskriminering? Ja, konkluderer jurist Ninja Tollefsen. Masteroppgåva hennar vann nyleg prisen for framifrå bidrag til kjønnsforskinga ved Universitetet i Oslo. 

Mer om Eldre
Mer om Økonomi
Mer om Arbeidsliv
Jurist og prisvinnar Ninja Tollefsen. (Foto: Beate Sletvold Øistad)

Senter for tverrfagleg kjønnsforsking (STK) ved Universitetet i Oslo heldt sin årlege nyttårsfest 8. januar og delte, tradisjonen tru, ut studentprisen for framifrå bidrag til kjønnsforskinga. Av seks nominerte masteroppgåver frå fire fakultet var det Ninja Tollefsen ved Avdeling for kvinnerett, barnerett, likestillings- og diskrimineringsrett som stakk av med sigeren.

– Eg vart vanvittig overraska. Det er gøy at folk bryr seg om dette, seier prisvinnaren.

Juryen, som besto av forskar Ingeborg W. Owesen (leiar) samt styreleiar ved STK, professor Halvard Vike og professor Beatrice Halsaa, var imponert:

«I sin oppgave demonstrerer forfatteren evne til å analysere rettslige forhold på en kreativ og overraskende måte. Den rettslige argumentasjonen er veloverveid og overbevisende, og konklusjonene er bærekraftige. Samtidig viser hun mot til å være utradisjonell på en måte som peker i retning av nye argumentasjonsmønstre».

Dobbel diskriminering

Tollefsen viser at dei fleste kvinnelege alderspensjonistar og mottakarar av etterlatnepensjon ikkje har reelle sjansar til å nyte godt av at likestillinga går framover i Noreg. Det same lovverket som har styrkt diskrimineringsvernet for yngre kvinner har gjort eldre kvinner til pensjonstaparar.

– Lovendringar som i utgangspunktet er positive, fører til aldersdiskriminering på toppen av tidlegare kjønnsdiskriminering. Kvinnelege alderspensjonistar blir «straffa» i dag fordi dei må innrette seg etter nye reglar – reglar som er resultat av ei samfunnsutvikling dei korkje kunne sjå for seg eller delta i, fortel Tollefsen.

Det er ikkje mange tiår sidan ekteskapet var den fremste kjelda til forsørging for kvinner, og norma var å vere heime med hus og barn. Slik sette kvinnene mannen i stand til å vere i full jobb og tene opp pensjonspoeng, men desse pensjonspoenga høyrde til mannen, ikkje husmora. I dag er fleirtalet av minstepensjonistane kvinner, og i snitt får kvinner 26 prosent lågare alderspensjon frå Folketrygda enn det menn gjer.

– Dersom likestillingsprinsippet skal få fullt gjennomslag, må noko gjerast med den diskrimineringa som heng att frå ein eldre samfunnsstruktur, seier Tollefsen.

På bar bakke

Da lova om etterlatnepensjon kom på plass i 1937, var tanken å unngå at heimeverande enker skulle bli sett på bar bakke dersom ektemannen døydde. I takt med samfunnsutviklinga har reglane vorte endra, både i Noreg og internasjonalt. Pensjonsytingane har vorte behovsprøvd og meir individretta, som ein konsekvens av at dei siste kvinnegenerasjonane har gått ut i arbeidslivet og difor forsørgjer seg sjølve. Men for dei som allereie var enker da lovendringa trådde i kraft i 1993, var ikkje endringa til det betre, ifølgje Tollefsen.

– Medan yngre kvinner nyt godt av auka likestilling i lovverket, kjem eldre kvinner enda dårlegare ut med dei nye reglane. Desse føreset at kvinner har jobba opp eigne pensjonspoeng, fortel juristen.

Yrkesaktive kvinner tente på å få sin eigen pensjon, medan heimeverande kvinner, som før kunne ta del i pensjonsoppteninga til ektemannen dersom han døydde eller dei skilde seg, mista den retten. Tollefsen peiker på at da dei nye reglane for etterlatnepensjon kom, hadde ikkje kvinner vore ein vesentleg del av arbeidsstyrken i meir enn 15 år. Difor hadde dei heller ikkje hatt mange år på seg til å tene opp pensjonspoeng.

Straffar kvinner som har gjort alt rett

Denne problemstillinga kjem til uttrykk i den såkalla enkepensjonsdommen frå 2006. Ei enke som hadde vore heimeverande med tre barn opplevde å få utsletta retten til etterlatnepensjon fullstendig på grunn av dei nye reglane. Under dei gamle reglane, som var meir tilpassa hennar livsløp, ville ho fått etterlatnepensjon.

– Her vart ei kvinne med ei legitim forventing om enkepensjon, paradoksalt nok, «straffa» på grunn av likestillinga som seinare generasjonar av kvinner hadde bana veg for. Det er ikkje lett å sjå inn i framtida, og ein bør heller ikkje straffast for at ein ikkje klarar det, poengterer Tollefsen.

Dommen møtte mykje kritikk i ettertid, av di han straffa kvinner som hadde gjort alt rett for å sikre seg pensjon under dei gamle ordningane.

– Dei som falt utanfor var dei som var for gamle til å kunne innrette seg etter dei nye ordningane, men for unge til å bli omfatta av tidlegare og meir fordelaktige reglar, seier prisvinnaren. 

– Pensjonssystemet må endrast for å motverke at tidlegare diskriminering forplantar seg og aukar med alder. Det minste ein kan gjere er å få på plass rettvise overgangsordningar.

Pensjonspoenga som aldri kom

Det var ikkje berre husmødrene som ikkje hadde høve til eigne pensjonspoeng. Også kvinner som jobba utanfor heimen var prisgitt likninga til ektemannen. Frå 1967 til 1986 var kvinner som jobba i felles føretak med ektemannen, til dømes på ein bondegard, omfatta av ein lov som gjorde at størsteparten av inntekta frå føretaket vart ført opp på han. Desse kvinnene er i dag minstepensjonistar. Korleis kunne kvinner ende opp som minstepensjonistar, trass i at dei jobba minst like mykje som mannen på garden?


- Ein bør ikkje straffast for å ikkje kunne sjå inn i framtida. (Illustrasjonsfoto: Colourbox.com)

Tollefsen har undersøkt den såkalla Sandnes-saka frå 1975, der eit ektepar som dreiv ein gard i lag gjekk til sak for å kunne likne inntekta frå garden likt på begge. Dei ynskte å skrive 50.000 kroner på kona, men likningsvesenet sette på den tida eit skjønnsmessig inntektstak på 35.000 kroner. Sjølv om ekteparet vann i lagmannsretten, fekk dei aldri sjå gevinsten. Årsak: Trenering og fordommar hos likningskontoret. I dag er kvinna minstepensjonist. 

Kvinnearbeid = hobby

I rettsdokumenta står det mellom anna at «det må tas hensyn til de lyspunkter det er for kvinner å kunne jobbe på garden hvor hun bor. Her glir hobbyarbeid over i vanlig arbeid.»

– Denne kvinna vart først diskriminert i lovverket, så av likningskontoret, og hadde ho ikkje hatt mannen med på laget, ville det mest sannsynleg ikkje vorte noka sak i det heile. Det er ikkje sikkert det var slik overalt, men dette tilfellet viser kor vanskeleg det var for kvinner å krevje likehandsaming, seier Tollefsen.

– Det er eit paradoks at vi no lever med ei pensjonsreform som verdset arbeidsinnsats, men som let ei yrkesaktiv gruppe falle utanfor fordi tidlegare diskriminering blir ført vidare i pensjonisttilværet.

Etter Sandnes-saka bad mellom anna Norsk bondekvinnelag styresmaktene om kompensasjon for bondekoner og andre som ikkje har hatt høve til å tene opp pensjonspoeng, sjølv om dei har jobba for fullt. No snart 40 år seinare har framleis ingen ting skjedd.

Av menn, for menn

Tollefsen viser at det kan vere vanskeleg å vinne fram i diskrimineringssaker når diskrimineringa først og fremst er ein konsekvens av tidlegare samfunnsstrukturar og kjønnsrollemønster.

– Det er ikkje meir enn 100 år sidan kvinner fekk stemmerett og enno kortare tid sidan dei vart ein sjølvsagt del av arbeidsmarknaden. Når dei økonomiske og rettslege strukturane stort sett er bygd opp av menn og for menn, er det ekstra viktig å trekke inn kvinneperspektivet, slik at kvinner sine rettar ikkje blir ytterlegare svekt, seier ho.

– Eg håper Noreg ynskjer å rette opp i gamle feil, slik at eldre kvinner kan nyte godt av det same diskrimineringsvernet som yngre kvinner er verna av i dag. At diskrimineringa av desse kvinnene held fram, er uhaldbart i eit land som er stolt av å vere på likestillingstoppen.