Homo på rett måte

Homo på rett måte

Kva norske byråkratar tenkjer om sex har mykje å seie for kven som slepp inn i landet. For er ein asylsøkjar som har klart å halde homoseksualiteten sin «på vent» i heimlandet ein ekte homoseksuell?

Når det gjeld forfølging grunna seksuell legning er det ifølgje UDI berre den moderne homoseksuelle som har krav på opphald i Noreg, seier forskar. (Ill.: www.colourbox.no)

– Ideane om likestilling og homotoleranse er allmenne nok i Noreg til at dei blir nytta til som ein grensemarkør mellom «oss og dei», mellom etniske nordmenn og ikkje-vestlege innvandrarar. Dersom ein homofil asylsøkjarar ikkje er rekna for å vere homoseksuell i den vestlege forståinga av ordet, kan han bli avvist ved grensa utan at det rokkar ved Noregs homovenlege sjølvbilete, seier stipendiat Stine Helena Bang Svendsen ved NTNU.

Moderne homo får opphald

I artikkelen «Norwegian sexualities. Assimilation and exclusion in Norwegian immigration policy» i tidsskriftet Sexuality har Svendsen, Wencke Mühleisen og Åse Røthing undersøkt kva dei norske styresmaktene sine forståingar av seksualitet har å seie for kven som slepp inn i landet. Forskarane hevdar at dei som ikkje er ein del av den norske seksualiteten, men som ynskjer å få opphald i landet, må dokumentere sin ibuande seksuelle legning på ein måte som norske statsborgarar slepp. Artikkelen byggjer på boka Norske seksualiteter, redigert av Mühleisen og Røthing, som gir eit tverrfagleg blikk på temaet.

–  UDI skil mellom det moderne individet som er fullstendig og autentisk homoseksuell og den førmoderne sodomitten som har sex med menn, men som ikkje er homofil i moderne forstand. Sodomitten kan skilje mellom «tilbøyelegheit» og «praksis» og har difor ikkje ein tvingande identitet han må ta konsekvensen av. Når det gjeld forfølging grunna seksuell legning er det ifølgje UDI berre den moderne homoseksuelle som har krav på opphald i Noreg, seier Svendsen.

Norske seksualitetar

Men aller først: Kva er den norske seksualiteten? Mühleisen og kollega Hilde Danielsen har undersøkt verdas einaste statlege samlivskurs for førstegongsforeldre; Godt samliv. Her lærar ein at det «gode paret» består av sjølvbestemmande, likestilte individ som har valt kvarandre av kjærleik og gjensidig seksuell tiltrekking. Seksualitet er til stades både som noko indre, ekte og spontant, men òg eit form for «arbeid», noko formbart og strategisk for å vedlikehalde forholdet. I tråd med norske likskapsideal er kurset meint for alle former for par; tokjønna så vel som eittkjønna, par med majoritetsbakgrunn så vel som par med minoritetsbakgrunn. 

– Ein kan forstå kurset som ein måte å inkludere og utdanne innvandrarpar i det norske kjønnslikestilte foreldreskapet. Gjennom kurset blir innvandrarane ein del av det norske og i stand til å oppdra barna sine som norske borgarar. Slik bidreg dei til å reprodusere nasjonen heller enn å true han, seier Svendsen.

Må vere ekte homo

Men før ein får høve til å sleppe til på kurs må ein få sleppe inn i landet. Om ein skal ha sjanse til det lyt ein leggje den strategiske og fleksible delen av seksualiteten på hylla, ifølgje artikkelforfattarane. Elles kan ein bli mistenkt for å utnytte systemet.

– UDI forventar at asylsøkjaren presenterer sin homoseksualitet som ibuande og essensiell, på ein slik måte at han vanskeleg kan skjulast eller velgast vekk. Paradoksalt nok fører denne jakta på autentisitet til at alle homofile asylsøkjarar må fortelje den same historia om homoseksualitet for å bli trudd, seier Svendsen.

Det er heller ikkje berre truverdet til den homofile det kjem an på. Det handlar òg om kor vidt homofile som gruppe blir forfølgt i heimlandet til asylanten.

Førmoderne sodomittar

UDI har til dømes hatt for vane å gi avslag på asylsøknadar frå iranske homofile av di dei hevdar at det berre er homoseksuelle handlingar som er straffbare i den iranske straffelova, ikkje den homoseksuelle legninga i seg sjølv. Svendsen, Mühleisen og Røthing meiner UDI opererer med eit skilje mellom homofil legning og homofil praksis i land som Iran, Irak og Afghanistan, på same måte som Noreg gjorde før anti-kriminaliseringa av homofili i 1972.


Stine Helena Bang Svendsen. (Foto: Beate Sletvold Øistad)

– UDI sin landrapport frå Iran impliserer at homoseksuelle der er førmoderne sodomittar som difor kan ha sex med menn innanfor dei sosio-kulturelle rammene i det iranske samfunnet så lengje dei er varsame med kor og korleis, fortel Svendsen.

Ho peiker på at medan både den moderne homofile og sodomitten er figurar med sterke mannlege konnotasjonar, er UDI sine notat om homofile asylsøkjarar stort sett kjønnsnøytrale.

– Ein tek ikkje høgd for at tilhøva i eit land kan vere annleis for kvinner og endar opp difor med å gi avslag også til iranske kvinner, basert på røyndomen til iranske menn, hevdar Svendsen.

Berre på papiret?

På same måte som somme asylsøkjarar må kunne dokumentere at deira homofili er ekte, må transnasjonale ektepar – ein norsk og ein utanlandsk statsborgar – overbevise staten om at kjærleiken deira ikkje berre eksisterer på papiret. Det einaste handfaste verktøyet styresmaktene har for å skilje klinten frå kveita er kravet om felles bustad. I dette ligg ein implisitt forventing om at ektefellane også skal dele ei seng dei har sex i.

– Dei norske styresmaktene reknar sex som ein privat og autentisk aktivitet som folk held på med for å styrke forholdet. Seksuell aktivitet er difor eit usagt, men sentralt poeng i prosessen med å skilje dei reelle kjærleiksekteskapa etter vestleg modell og dei reelle arrangerte ekteskapa frå dei ulovlege pro forma-ekteskapa, forklarer Svendsen.

Nokre ekteskap vekkjer riktig nok mindre merksemd enn andre.

– Det ser ut til at ekteskap mellom etnisk norske menn og ikkje-vestlege kvinner, så lenge aldersforskjellen verkar «normal», er mindre mistenkjelege enn ekteskap mellom etnisk norske kvinner og ikkje-vestlege menn eller mellom to med ikkje-vestleg opphav, seier Svendsen.

Strategisk sex

Trass i at ekteskap mellom ein norsk mann og ei thailandsk dame kan bli møtt med skepsis, er grunnar som hjelp til husarbeid, botemiddel mot einsemd og moglegheita til å få barn ofte legitime nok.

– Når ein vektlegg gevinsten for mannen ved å inngå eit transnasjonalt ekteskap, står ekteskapet som regel ikkje i fare for å bli ramma av forbodet mot pro forma-ekteskap, fortel Svendsen.

Men kva med motiva til den utanlandske kvinna?

– I denne typen ekteskap er det rimeleg å hevde at begge tilbyr noko den andre parten ynskjer seg slik forskarane Ann-Therese Lotherington og Anne Britt Flemmen peikar på. Ettersom det finst førestellingar om at menn ynskjer seg sex medan ein forventar at kvinner er villige til å bytte sex mot andre gode, reknar ein dette som eit godt bytte for begge partar. Men dette vil bli atskillig grundigare drøfta i Helga Eggebø si doktoravhandling som er rett rundt hjørnet, seier Svendsen.

Hormonelle forstyrringar

Andre typar ekteskap synst utlendingsmyndigheitene er hakket meir problematiske.

–  Ekteskap mellom etnisk norske kvinner og ikkje-vestlege menn, spesielt dersom kvinna er nokre år eldre enn mannen, blir kalla for «hormonelle forstyrringar» i politisjargongen, ifølge sosiolog Pål Vegard Hagesæther. Ein reknar med at ekteskapet er autentisk og basert på kjærleik frå kvinna si side, men at det er lureri og proforma frå den ikkje-vestlege mannen si side, seier Svendsen.

Les mer om Hagesæthers forskning på ekteskap og oppholdstillatelse

Ho strekar under at det ikkje står ikkje nokon stad i UDI sine dokument at ikkje-vestlege menn er ute etter å lure norske kvinner, men at ein kan lese ei slik mistanke ut frå kva UDI faktisk gjer i samband med slike ekteskap.

– Vi snakkar om underliggjande førestellingar om at den svarte mannen er truande for kvite kvinner,  og at staten difor må ta rolla som den mistenksame vaktaren. Det handlar om korleis naturaliserte ideologiar fungerer i praktisk politikk, hevdar Svendsen.