Pornobilete fortrengjer tekst

Grensene for kva som blir oppfatta som porno er flytta. Språket og teksten har mista si pornografiske kraft, porno er bilete. Det meiner Stephen J. Walton, som forskar på pornografi.
Skodespelarane på pornonettsida Stephen Walton forskar på står fram som «den veltrena naboguten» (Ill: iStockphoto).

Nakne, glattbarberte kroppar. Tre menn drikk champagne medan dei ligg med kvarandre i ei leilegheit i Budapest. Ny video. Den viser solbrune, smilande menn på ferie i Barcelona. I ei nettbasert dagbok kan me lese om livet i ei pornoverksemd i eit land i Aust-Europa.

Stephen J. Walton arbeider i desse dagar med prosjektet «Sex, makt og porno», som skal bli ei bok på Det norske samlaget i 2011.

Som eitt av fleire døme brukar Walton ei pornonettside. Den er produsert i Aust-Europa, men er eigd av eit amerikansk selskap. I tillegg til bilete og filmar inneheld nettsida ei dagbok om pornoskodespelarane og livet deira.

– Nettsida gir ein visjon av seksualiteten i forbrukarsamfunnet, seier Walton.

Frå tekst til bilete

Omgrepet «porno» knyter seg i dag fyrst og fremst til bilete. Slik har det ikkje alltid vore. I 1957 blei Agnar Mykle si bok Sangen om den røde rubin (1956) forboden. Uten en tråd (1966) av Jens Bjørneboe blei beslaglagt av politiet berre nokre dagar etter at ho kom ut. Både forfattar og forleggjar blei dømd etter straffelova sine bestemmingar om utuktige skrifter.

– I dag er det utenkjeleg i vår del av verda at ei bok skulle bli forboden fordi ho var pornografisk. Språket mistar si pornografiske kraft i overgangen frå det moderne til det postmoderne. Dette er ein del av bilethegemoniet. Grensene for kva som vert oppfatta som porno er flytta, seier Walton.

Han ser teksten på pornonettsida han studerer som eit reint supplement til bileta.

Snill, frivillig sex

Pornonettsida framstiller ei fantasiverd med unge menn som har «snill», tilsynelatande frivillig sex med kvarandre. Dei har fiktive pornonamn, og vi følgjer dei same personane over tid. Sida inneheld også mykje tekst. På pornonettsida kan du lese om karakterane si utdanning, hobbyar og favorittmat.

– Sida går veldig langt i å framstelle ein slags kvit, vellykka mellomlagsidyll. Ho viser ein slags homoerotisk speidarleir. I modellskildringane står det til dømes at skodespelaren fullførte utdanninga ved eit teknisk universitet med glans, og at favorittmaten hans er geitost. Bare få av skodespelarane har tatoveringar. Du finn også noko så særmerkt som ei pornostjerne med briller, seier han.

Nettsidene kallar sjølv innhaldet for pornografi. Walton er ambivalent til å kalle det det.

– Med «porno» tenkjer vi helst no på vald mot barn, audmjuking, overgrep eller dyresex. Samtykkjande sex mellom vaksne vert vel mest ikkje opplevd som porno lenger. Stort sett bruker vi omgrepet om framstillingar av noko lovstridig eller ubehageleg, meiner han.

Walton ynskjer ikkje å gjere kjent kva for ei nettside han forskar på.

– Det finst folk som har prøvd å forske på desse miljøa tidlegare, men er blitt stoppa av pornoindustrien. Eg ynskjer ikkje å risikere å skape juridiske eller forskingsetiske problem. No står det mykje arbeid att med å kome i kontakt med aktørar som jobbar med nettsida. Eg vurderer også å utelate namnet på sida i boka, seier han.

Bruk og kast

Walton steller seg kritisk til den polske sosiologen Zygmunt Baumans teori om seksualitet og forbrukarsamfunnet. Under det postmoderne, ekstreme forbrukarsamfunnet får intime relasjonar ein liknande karakter som den kommersielle marknaden, meiner Bauman. Dei blir flyktige og det blir mykje «bruk og kast»-mentalitet og kortvarige, situasjonsbetinga relasjonar. Bauman ser intimiteten som ein direkte avspegling av organiseringa av økonomien. Walton meiner det er motsett.

Stephen J. Walton. (Foto: Ida Gudjonsson)

– Eg meiner organiseringa av intimiteten i stor grad står i motsetning til økonomien og forbruket. Dei samfunna som er mest økonomisk liberalistiske kompenserer ved å lage sterkare former for orden i intime forhold. Samfunn som har meir tradisjon for økonomisk styring, til dømes Sverige, har lettare for å ha eit ope, liberalisert rom. Samtidig er det ein interessant diskusjon på gang i nettopp Sverige om kor open den svenske seksualiteten faktisk er, og dette er eit viktig spørsmål i prosjektet mitt, seier han.

Intervju med pornoskodespelarar

Walton ynskjer å intervjue nokre av skodespelarane som har vore med og laga nettsida.

– Eg vil høyre korleis dei opplevde det, seier han.

Det same selskapet som lager pornonettsida produserer også videofilmar. Filmane distribuerast ikkje i landa i nærleiken.

– Tanken er å verne dei unge mennene mot å bli kjende att i nærmiljøet sitt, seier Walton.

På tross av at mennene på sida er frå ulike land i Aust-Europa, er sjeldan dei fiktive namna deira austeuropeiske. Dei har blant anna nordiske, engelske eller italienske namn.

– Det er ei form for kolonialisme og eit slåande uttrykk for det asymmetriske økonomiske forholdet mellom aust og vest, og mellom seljarane og kjøparane av bilda. Marknaden ligg i Vest-Europa og Nord-Amerika, og det kan vere grunnen til at namna er valde, seier han.

Walton beskriv innhaldet i pornofilmane som gjentakande, dei følgjer ein formel.

– Det begynner med oralsex, og så onanering. Så er det analsex, og så bytter vi om. Eg tenkjer at det er sex som religion, ein arena der dei seksuelle handlingane vert ritualisert. I vårt samfunn har ikkje det rituelle så mykje status. Sex blir ein arena for oppattaking, seier han.

Ikkje-eksisterande kvinner

I det fiktive universet nettsida skaper, finst ikkje kvinner. Det einaste teiknet på kvinner sin eksistens er at nokre av dei unge mennene blir omtala som bifile. Det blir gjort lengre intervju med dei største stjernene på nettsida. Her blir dei typisk spurt om kven dei hadde si første seksuelle erfaring med. Mange av dei bifile mennene svarar her jenter.

– Nettsida representerer ein utopi om eit kvinnefritt, homososialt univers, seier Walton.

Homofili blir i liten grad tematiserast på sidene. Det er sex utan identitetstrong og politisering. Få av mennene har ei feminin framtoning.

– Dei står fram som «den veltrena naboguten». Få opererer innafor ei feminisert rolle. Det er heller ikkje mange muskelbuntar og steroidtilfelle, seier Walton.

– Ein kan sjå denne normaliseringa både som eit positivt uttrykk for aksept, men også som eit uttrykk for ei form for heteronormativitet.

Ifølgje teoretikaren og homoaktivisten Dennis Altman er poenget med homorørsla å avskaffe homoseksualiteten, på same måte som arbeidarklassen i den marxistiske ideologien vil utslette seg sjølve.

– Ifølgje Altman vil homorørsla fjerne skiljet mellom heterofili og homofili som meiningsberande. Nettsida er mest ei realisering av det, seier Walton.

Forskaren

Stephen J. Walton studerte nordisk med tysk bifag ved University College London, og tok doktorgraden på Ivar Aasen og nasjonalromantikken ved University of Cambridge i 1986. Sia har han jobba ved University College London, Polytechnic of Central London, University of Surrey, Agder distriktshøgskole og Høgskulen i Agder.

Walton vart tilsett som professor II i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda i 1997.

Sia hausten 2007 har han i tillegg vore professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger. Walton arbeider for tida med prosjektet «Sex, makt og porno» som finansierast av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) og gjennom vikarstipend frå Høgskulen i Volda. Problemstillinga er «Korleis vart seksualiteten moderne og korleis vart han postmoderne?»

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.