Husmor-kommunisme

Sosialistiske idear om fri kjærleik hadde liten oppslutning blant kvinnene i Norges Kommunistiske Parti. Hos dei var det familien og husmødrene som stod i sentrum. NKP-kvinnenes ukjende historie blir fortald i Eva Marie Mathisens masteroppgåve i historie.

Kirsten Hansteen frå Norges Kommunistiske Parti (NKP) vart den første kvinnelege statsråden i norsk historie, då ho fekk plass i samlingsregjeringa etter den andre verdskrigen. Men NKP-kvinnenes historie er langt på veg ukjent. I si masteroppgåve har historikaren Eva Marie Mathisen analysert kvinneorganisering og kvinnepolitikk si stilling innanfor NKP i perioden frå 1923 og fram til 1930.

NKP-kvinnenes ukjende historie blir fortald i Eva Marie Mathisens masteroppgåve i historie (foto: Astrid Sverresdottir Dypvik).

Granskinga av kvinnepolitikken kastar også lys over forholdet mellom NKP og den kommunistiske internasjonalen, Komintern. Kvinnepolitikken er spesielt interessant i denne samanhengen.

– Kvinnepolitikken eit felt der partiet klarte å halda litt stand då resten av partiet mista fotfeste i norsk politikk fordi dei var så ivrige etter å følja opp tesar frå Moskva, seier Mathisen.

Lite utopisme

Utopisme og tankar om at staten skulle ta seg av oppgåver som tidlegare hadde liggje til familien, kjenneteiknar den tidlege sovjetiske kvinnerørsla. Kollektive matsalar og fri kjærleik høyrde med til visjonane for det nye, sosialistiske samfunnet som skulle byggjast i Sovjetstaten. Blant NKP-kvinnene har Mathisen funne få tankar som minner om Aleksandra Kollontajs berømte utsegn om at fri kjærleik i det sosialistiske samfunnet skulle vera like naturleg som å drikka eit glas vatn.

– Familien er det viktigaste. Kvinnepolitikk er ofte forsvar for arbeidarfamilien. Det er husmoras kvardag som står i sentrum, fortel ho.

NKPs kvinneblad Gnisten skriv ikkje om visjonar for det framtidige samfunnet, men om det kvardagslege.

– Den typiske teksten i avisa handlar om ei fattig arbeidarhusmor som slit og står på for familien sin. Bladet presenterte for eksempel også oppskrifter på god og billeg mat for arbeidarfamiliar, seier Mathisen.

Arkiv i Moskva

Kirsten Hansteen frå Norges Kommunistiske Parti (NKP) vart den første kvinnelege statsråden i norsk historie.

NKPs eige arkiv forsvann under andre verdskrig. Dermed er dei einaste kjeldene til korrespondansen mellom NKP og Komintern å finna i den russiske hovudstaden. Som første historikar nokosinne har Mathiesen granska korrespondansen mellom det internasjonale kvinnesekretariatet og NKPs kvinnesekretariat inngåande. I dette arkivet finst både rapportar frå Noreg, og irettesetjingar frå Moskva. 

Husmorlaga var kjernen i NKPs kvinnearbeid. Det skulle vera eit lågterskeltilbod til dei kvinnene som hadde følgt med i overgangen frå Arbeidarpartiet til NKP, då den kommunistiske fraksjonen i partiet braut ut og danna NKP i 1923. Husmorlaga fungerte som ein frontorganisasjon og medlemene trong ikkje å vera NKP-medlemer. Kvinneorganisasjonen hadde dermed eit langt breiare nedslagsfelt enn partiet sjølv.

Ungar og matstell

NKP- kvinnene var for det meste husmødrer frå arbeidarklassen.

– Medlemene var i regelen konene til dei mannlege partimedlemene. Nokre av medlemene var Arbeidarparti-medlemer. Dei arbeidde også med å rekruttera hushjelper, men lykkast aldri så godt med det.   

Mennene var ikkje alltid like fornøgde med ektefellens politiske engasjement. Ein innsendar til NKPs kvinneavis Gnisten klaga over at mannlege partimedlemer såg ut til å tru at kvinner ikkje hadde greie på anna enn ”onger, filler og matstell.” NKP-kvinnene hevda at det ville koma heile familien gode dersom kvinnene var politiske. ”Enhver av familiens medlemmer maa gjøre sitt til at arbeiderhusmoren kan faa en aften fri til aa gaa paa sin organisasjons møte” vart det hevda i Gnisten.

Sjølvstendefasen

– I Komintern-forskinga er det vanleg å dela inn tida fram til 1930 i tre fasar; sjølvstendefasen, bolsjeviseringsfasen og ultravenstrefasen. Desse fasane kan ein sjå tydeleg i kvinnepolitikken til NKP, seier Mathiesen.

Sjølvstendefasen varte frå 1923 og til 1925. I denne fasen var kvinneorganisasjonane ikkje underlagt partiet, og kvinnepolitikken ikkje inkorporert i partipolitikken. NKPs kvinneorganisasjon definerte husmødrene som si primære målgruppe, noko som var i strid med Kominterns prioriteringar. Moskva ville først og fremst organisera industriarbeidarar fordi desse i følgje den marxistiske klasseanalysen var dei mest progressive samfunnsmedlemene.

– I denne fasen kravde ikkje Moskva så mykje. Krava gjekk ut på å ha ein kvinneorganisasjon og på at ein skulle gi ut eit eige kvinneblad.

Lite sentralt felt

Ein av grunnane til at NKPs kvinner kunne prioritera annleis enn det Moskva ville, var at kvinnepolitikken var eit lite viktig politisk felt for Komintern.

– Kvinnepolitikk var nedprioritert, i alle fall om ein samanliknar med den faglege politikken. Moskva sendte utsendingar til medlemspartia som skulle sjå til at dei følgde opp dei sentrale vedtaka. Det kom fleire utsendingar til Noreg, men det kom aldri nokon frå kvinnesekretariatet til Noreg for å seia korleis politikken skulle førast, fortel Mathisen.

Kvinnepolitikken vart heller aldri høgt prioritert av den norske partileiinga. Dei kutta lønna til kvinnesekretæren etter kvart, gav ikkje økonomisk støtte til partiets kvinneblad. Dei stødde heller ikkje NKP- kvinnenes første kvinnekonferanse økonomisk. 

Tida frå 1925 til 1927 er bolsjeviseringsfasen. I denne perioden tok det sovjetiske kommunistpartiet gradvis sterkare styring over Komintern. No skulle alle dei andre partia læra av erfaringane til det russiske partiet, og overføra lærdommane til sine eigne land. NKP streva med å følgja den nye kursen. Moskva kravde auka satsing på kvinnelege industriarbeidarar  og at partiet i sterkare grad skulle kontrollera husmorlaga direkte.

Utradering av partiet

Perioden frå 1927-1930 er ultravenstrefasen. Denne kulminerte i at NKP mista alle stortingsmandatane sine i valet i 1930.

– I denne fasen mista partiet stadig medlemer, samtidig som det vart meir og meir sekterisk, seier Mathisen.

Halvparten av medlemene forsvann i løpet av eit år, partiet mista innverknad i fagrørsla, og partipressa sleit i tillegg økonomisk. Også i husmorlaga fekk ein no merka følgjene av sekterismen tydelegare. Dei skulle ikkje lenger vera breie organisasjonar, men politiserte kamporganisasjonar som skulle stå saman med det revolusjonære partiet.

Stalins teori om sosialfascismen gjorde seg også gjeldande. Denne teorien gjekk ut på at det innanfor sosialdemokratiske parti var oppstått eit arbeidararistokrati som ville koma til å slå seg i hop med fascismen i ein kampsituasjon. NKP byrja sjå Arbeidarpartiet som fascismens allierte.

– I husmorlaga skulle NKPs folk ta opp kampen mot ”sosialfascistane” frå Arbeidarpartiet, fortel Mathisen.

Barnedrap-uttalelsen

Eit sentralt arbeidsfelt for NKPs kvinner var kvinners helse og reproduktive rettar. På kvinnekonferansen i 1924 vart det vedteke ein uttalelse som skapte stort rabalder i pressa.

NKP kvinnene kravde at straffa for mord skulle opphevast viss ei mor tok livet av barnet innan eit døgn etter fødselen, uavhengig av om mora var gift eller ugift. Pressa, med Aftenposten i spissen var i harnisk over forslaget. Det same var NKP-mennene.

Kvinnesakskvinna Katti Anker Møller var den einaste som til slutt forsvarte forslaget offentleg. Ho hevda at slik straff i større grad ramma unge ugifte kvinner frå arbeidarklassen enn kvinner frå overklassen ”straffebestemmelsen er i sannhet en klassestraff” hevda ho. Men det hjelpte lite. Den sentrale NKP politikaren Olav Scheflo hevda seinare at denne uttalelsen var hovudgrunnen til at partiet gjorde det så dårleg ved valet same haust.

Oppgåve

Eva Marie Mathisen har levert oppgåva Kvinnepolitikk og kvinnearbeid i Norges Kommunistiske Parti (NKP) 1923-1930 ved Institutt for arkeologi, konservering og historiske studier (IAKH) ved Universitetet i Oslo. Oppgåva analyserer kvinnepolitikken og kvinners rolle i partiet NKP ut frå ein organisasjonsteoretisk modell. Mathisen har sett på i kva grad Komintern styrte politikken opp mot i kva grad politikken var styrt av partiet sjølv.

Noregs Kommunistiske Parti

Arbeiderpartiet melde seg inn i den Kommunistiske internasjonale i 1919, men gjekk ut att i 1923 mellom anna som følgje av striden om Moskva-tesene. Etter dette gjekk partiets kommunistiske fraksjon ut og danna partiet Norges Kommunistiske Parti (NKP).

Partiet var stort ved splittinga, heile 19 stortingsrepresentantar vart med over til NKP ved splittinga. I 1927 fekk partiet inn tre representantar på Stortinget, to av dei melde raskt overgang til Arbeidarpartiet. I 1930 fall partiet ut av stortinget, og fekk ein oppslutnad på 1,7 prosent.

Uhørte stemmer

I nettutstillingen Uhørte stemmer kan du lese historiene til noen kvinner som var aktive i NKP før og etter 2. verdenskrig.

Aktuelle lenker

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.