Islam på norsk

Dei meiner muslimar kan handhelsa på motsett kjønn, oppmodar kvinner om å sikra seg retten til skilsmisse og er imot niqab. Islam.no tilpassar islam norsk kvardag, men innanfor ei religiøs ramme.

 

– Islam.no spelar ei rolle for å utvikla norsk islam, seier Maren Tveitereid. Bildet viser logoen til nettstaden.

Kan gode muslimske jenter snakka med mannlege medstudentar i lunsjen? Kva med å gi ein klem, viss det berre er meint venskapleg? Og korleis er det med kjærastar. Kan ein ha det?

 

Dei fleste spørsmåla som blir teke opp på nettstaden islam.no melder seg i skjeringspunktet mellom norsk kvardag og islamsk lære, seier Maren Tveitereid. I si masteroppgåve i religionshistorie har ho undersøkt tilpassing til det norske samfunnet og haldningar til nytolking av islamsk lære (itjihad) på den mest brukte norske islamske nettstaden, islam.no. Dei fleste brukarane av denne nettstaden er mellom 20 og 30 år.

– Islam.no spelar ei rolle for å utvikla norsk islam, På denne nettstaden skjer ei naudsynt tilpassing av islam til Noreg. Men tilpassinga skjer innanfor ei religiøs ramme, seier Tveitereid.

Søkjer kompromiss

Islam.no er eigd av Den islamske informasjonsforeningen (DIIF) og blir drive på frivillig basis. Også folk som ikkje er knytt til foreininga sit i redaksjonen. Dei unge muslimske brukarane er mest opptekne av kjønnsrelaterte spørsmål, om kjærastar, klesdrakt og ekteskap.

På nettstaden ligg ei rekkje spørsmål og svar om kva som er i tråd med islam, kva som er halal – tillate, og kva som er haram – forbode. Det er desse spørsmåla, diskusjonsforumet på nettstaden, og intervju med fleire av redaksjonsmedlemene som er kjeldegrunnlaget i Tveitereids masteroppgåve.

Den velkjende samfunnsdebattanten og forstandaren ved moskeen Rabita, Basim Ghozlan, er ansvarleg for islam.no. (Foto: islam.no)

 

Moderat retning

Tveitereid omtalar retninga for rådgivinga på nettstaden som moderat. 

– Vi kan seia at dei er litt runde i kantane. Dei står fram som litt liberale, viss ein har spørsmål om konkrete tema.  

Ein brukar spør til dømes:

«Kan en være en god muslim utan hijab. Hva synes dere?»

Haneefah frå redaksjonen svarar slik:

«Jeg synes ikke det spiller noen rolle hva vi synes. En hijab gjør ingen muslim. Samtidig er hijab påbudt oss fra Allah. Enhver får bestemme selv hva de synes. Men å bedømme god muslim/dårlig muslim bare ut frå hijab er både misvisende og feil.» 

Eit anna ord Tveitereid brukar for å skildra islam.no, er pragmatisk

– Dei prøvar aktivt å fremma kompromiss mellom Noreg og islam. Dei gjer ikkje strenge tolkingar av læra, men har ofte ei utprega praktisk tilnærming til spørsmåla. Basim Ghozlan seier ofte at han ser løysingar, ikkje problem. Det er ikkje mange som tenkjer så aktivt om tilpassing som han gjer, slår Tveitereid fast.

Mot niqab

Dette ser ein til dømes i at dei aller fleste i redaksjonen til islam.no stør eit forbod mot slør som dekkjer andletet, niqab. Lars Gule (førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo) sitt utspel om å forby bruk av niqab på universitet og skular, vart hyppig debattert på islam.no. Berre ei av redaksjonsmedlemene går mot eit slikt forbod. 

– Fleirtalet meiner at islam ikkje krev at kvinner skal bruka niqab. Dei påpeikar at det ikkje finst verken koranvers eller hadithar, retningsgivande forteljingar om profeten Muhammed, som krev dette. Ghozlan hevdar at nokre koranvers kan tolkast i retning av at det er i strid med islam å bruka niqab.

Redaksjonsmedlemene viser også til at niqab hindrar tilpassing til det norske samfunnet, og at bruk av niqab gjer at ein ikkje kan identifiserast.

Tilpassing

Tveitereid brukar omgrepet synkretisme i oppgåva si.

– Synkretisme er, viss ein skal gjera det kort, det som hender når ein tradisjon blir infiltrert og påverka av symbol og meiningar som blir rekna å tilhøyra ein annan tradisjon. Innanfor religionsforskinga har ein brukt det om religionar som blir påverka av andre religionar, seier Tveitereid.

I hennar oppgåve handlar det om at islam blir påverka, ikkje av kristendom, men av det sekulære Noreg. Ho viser til boka Syncretism/Antisyncretism. The Politics of Religious Synthesis, redigert av Charles Stewart and Rosalind Shaw. Tveitereid forstår tilpassingar til det norske samfunnet som ein finn i råda som blir gitt på islam.no, som ein del av ein synkretisk prosess. 

For handhelsing

Asmaa Abdol Hamid, som stilte som kandidat til det danske folketinget for ytre venstrepartiet Enhedslisten i 2007, fekk mykje negativ merksemd fordi ho som truande muslimsk kvinne ikkje ville handhelsa på menn. Islam.no har eit anna svar enn Hamid i denne saka.

Dei tilrår handhelsing viss ein kjem i ein situasjon der det blir forventa. Dei viser til at koranen forbyr fysisk kontakt som kan føra til seksuelle kjensler mellom menn og kvinner som ikkje er gifte med kvarandre, og at handhelsing ikkje fell innanfor dette. Dessutan viser dei til at det blir rekna som uhøfleg å nekta å handhelsa i Noreg. Dette rådet tolkar Tveitereid som eit utslag av synkretisme.

– Dei har ei praktisk tilnærming, og tillet ein norsk skikk som samstundes er legitimert innanfor ei islamsk ramme.

Fleirkulturell nettstad

Dei fleste i redaksjonen for islam.no er, slik som Ghozlan, sunnimuslimar. Nettstaden har også shiamuslimske brukarar. Moskeen Rabita, som Ghozlan er forstandar for, samlar muslimar frå 20 nasjonar. Nettstaden islam.no har også brukarar frå dei fleste muslimske nasjonar. Rabita har heilt frå oppstarten hatt eit sterkt kvinneleg konvertittmiljø. Dette speglar seg også att i islam.no sin redaksjon. Seks av elleve redaksjonsmedlemer kvinner. Alle desse kvinnene er norske konvertittar. Redaksjonen er ikkje islamske lærde, men folk som på eiga hand har skaffa seg kunnskapar om islam.  

 

Maren Tveitereid. (Foto: Astrid S. Dypvik)

– Råda dei gir ligg ofte tett opp mot Det europeiske fatwarådet. Redaksjonen refererer ofte til fatwarådet og til nettstaden www.islamonline.net.

 

Islamonline.net blir støtta av den kjende Sheikh Yusuf A. Qaradawi, leiaren for det europeiske fatwarådet. Han blir rekna for å representera ein moderat islamisme.

Kjærastar

Dei unge brukarane av islam.no er oppteken av kontakt med det motsette kjønn, kjærastar og forelsking. Dei får råd om kontakt med det motsette kjønn i kvardagen. Samtaler over lunsjen er greitt, så lenge innhaldet ikkje er i strid med islamsk moral. Klemming er ikkje greitt, og ein skal ikkje vera åleine med nokon av det motsette kjønn. Men kjærastar er ikkje tabu. 

«Det som på norsk heter kjæreste, kan gjøres halal ved å inngå nikah,» skriv Basim Ghozlan på nettstaden. Nikah er islamsk ekteskap. Dette rådet tolkar Tveitereid også som synkretisme.

I muslimske land kan rådet om å gifta seg bli forstått som eit forsøk på å hindra eit kjærasteforhold, noko som ikkje er tillate i islam, og å slå eit slag for ekteskapet. Men hos islam.no blir nikah forstått som eit alternativ til, og som ein indirekte aksept av kjærasteforholdet. Generelt meiner islam.no at det beste er å inngå både norsk og muslimsk ekteskap.       

Skilsmisse

– Både kvinner og menn har etter islamsk lov rett til skilsmisse. Men det er ikkje populært at ei kvinne tek ut skilsmisse. Det står i ein hadith at ho ikkje skal få kjenne lukta av paradiset, seier Tveitereid.

Ein islamsk dommar avgjer viss kvinna ønskjer skilsmisse, og mannen nektar å godta det. 

– Det europeiske fatwarådet er uklåre i denne saka. Dei har jobba med ein fatwa om spørsmålet om ei kvinne søker skilsmisse mot mannens vilje, men er ikkje ferdige enno. Islam.no rår dei som skal gifta seg til å kontraktfesta at begge har rett til skilsmisse før dei inngår ekteskap, seier Tveitereid.

Moderat omfortolking

Når redaksjonen argumenterer for sine standpunkt, for eksempel om handhelsing og niqab, viser dei både til religionen og til det norske samfunnet. Samfunnet er berre ei referanseramme der islamske tradisjonen ikkje er tydeleg. I spørsmålet om bruk av hovudplagg er ikkje det at nokre nordmenn ikkje likar hijab eit argument imot.

– Her finst ei religiøs grunngjeving. Dei er einige om at dette står klårt i koranen, så her er det heller ingen diskusjon.

Ho viser til at islam.no elles rår kvinner til å kle seg på ein slik måte at dei ikkje fristar menn.

Islam.no er ikkje radikale omfortolkarar av islam, men moderate.

– Ghozlan kallar seg feminist, var oppteken av kvinners rettar. Dei færraste gjer det, seier Tveitereid.

Masteroppgåve

Tveitereid, Maren: Spørsmål og svar på islam.no – Muslimsk rådgivning på internett, masteroppgåve i religionsvitskap, Universitetet i Oslo, 2007.

Aktuelle lenker

islam.no
  • Islam.no er den mest besøkte norske islamske nettstaden.
  • Nettstaden inneheld ei rad spørsmål og svar om islam, i tillegg til eit debattforum.
  • Den kjende samfunnsdebattanten Basim Ghozlan, forstandar i Det islamske forbundet, er ansvarleg for nettstaden.
  • Redaksjonsmedlemene er ikkje islamsk lærde, men Ghozlans status gir sida likevel tyngde i miljøet.
  • Hovuddelen av redaksjonen er sunni-muslimar. Fleire av redaksjonsmedlemene er kvinnelege, norske konvertittar.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.