Kosthald for Venus og Mars

Når kvinner er frå Venus og menn er frå Mars, så er det klart at også kosthaldsprodukta må komme i rosa og blå innpakning. Forskar Hilde Danielsen rapporterer frå samlivskurs i USA.
Hilde Danielsen (Foto: UiB)

I fjor var eg i USA. Konferansen om Smart Marriages, Happy Families i Atlanta i juni trakk over 2000 deltakarar frå alle statane i USA og ymse land rundt om i verda. For meg som forskar på norske samlivskurs var dette ei stor oppleving. Forskinga og ideane som mange av dei norske samlivskursa byggjer på, er henta frå USA. Denne årlege konferansen om korleis ein kan redde og forbetre ekteskap og samliv samlar ekspertisen frå dette feltet og er ein ypparleg sjanse til å få innsyn i desse ideane. Den spesifikt norske utforminga av samlivskurs vert også tydelegare når det vert samanlikna med dei amerikanske utgåvene.

Ei av dei mange førelesarane som gjorde inntrykk på meg, var John Gray, han med bøkene om menn i frå Mars og kvinner frå Venus. Bøkene hans har kome ut i store opplag i Noreg frå 1990-talet og framover. Ein av dei store mantraene hans er at ein heil kultur pressar kvinner til å verte menn og at menn og kvinner misforstår kvarandre kontinuerleg fordi dei ikkje har nok kunnskap om kjønnsforskjellar.

No har han utvikla teorien sin vidare, og på konferansen heldt han eit heseblesande show om korleis ekteskapa kunne betrast om menn og kvinner berre tilpassa kosthaldet sitt til kva kjønn dei høyrer til. Kosthald er hans nye plan, han vil hjelpe par til å gå ned i vekt saman, slik at dei vil kjenne seg sunne og fylt av seksuell energi. John har passert 50, men har ifølgje seg sjølv testosteron som ein 25-åring, noko kona hans set stor pris på. Han har skrive 16 bøker dei siste 20 åra, reist jorda rundt 25 gongar, held mange hundre føredrag i året og tek godt vare på familien sin, han er nemleg aldri flat etter bravadane som førelesar og på diverse talkshows på tv. Det er fordi han har utvikla eit kosthaldsprodukt, det vil seie to kosthaldsprodukt, eit for kvinner og eit for menn. Det er nemleg samanhengen mellom kosthald, kjønn og samliv han har interessert seg for dei siste åra: "We are eating up our marriages". Som han sjølv seier: "Why are diet products all the same when men and women are so different?".

Pillene kjem altså i rosa og lyseblå pakning. Produkta er sjølvsagt 100 % suksessfulle, og verkar sjølv om ein ikkje endrar dietten eller mosjonerer. Likevel tilrår John å kombinere dei med trening, så han har laga ein video med fettbrennande øvingar. Han demonstrerer kortversjonen av tipsa sine for oss, og får med salen på dei hoppande rørslene sine. Jogging, vekter og sykling kan du berre gløyme. No handlar det om å etterlikne urbefolkningane i Afrika, Nord- og Søramerika og Kina. Treningsopplegget involverer krigsdans, tromming og sanking og bør kombinerast med dei høgteknologisk utvikla Super Shakeprodukta som regulerer blodsukkeret og hormonane dine på ein kjønnssensitiv måte. Super Shaken motverkar stress, vinterdepresjon, kjensla av å vere utslitt. Fantastisk nok verkar den også mot ADHD; det er berre å triple dosen så er ein kvitt det problemet også.

John passar på å få i seg rikeleg med kosthaldsdrinkar medan han leier an i den kollektive treningsøkta. Han er sjølv beviset på at produkta verkar, han klarar seg ikkje utan, men strekar under at dei ikkje er avhengigheitsskapande. Han pleier alltid å nytte høve til å be medan han trener, så han sluttar av fellesøkta med eit andpustent fadervår der han også klarer å smette inn ei bøn for samliva til dei mange plaga soldatane og konene deira, USA er jo eit land i krig. Så då gjenstår det berre å stappe i seg dei rette kjønnssensitive kosttilskota, så har vi fiksa det, både vekta, sexlivet, stresset, depresjonen og ADHDen. Og berre tenk kva dette vil gjere med skilsmissestatistikken. USA tilbyr løysingane og vi følgjer som kjent etter. Det er dessverre ei hake med alt, og å gå på piller som kostar 2000 kroner i månaden er nok i dyraste laget for mange amerikanarar. Men med den norske velferdsstaten sin hjelp burde det jo vere mogeleg å kjapt få ein heil nasjon opp å stå - som tynne, energiske og med lukkelege livsvarige ekteskap.

Gray har bygd seg opp som forretningsmann takka vere suksessen med Mars og Venus bøkene sine og firmaet hans driv heimesida MarsVenus.com med sal av produkta hans. Han vart hylla på konferansen, men er også ein kontroversiell figur i USA. Det finst fleire websider - til dømes The Rebuttal from Uranus - med avsløringar av kor problematiske metodane hans er. Mellom anna hevdar dei at doktoravhandlinga hans nærast vart kjøpt på postordre og at fleire av "gradene" hans stammar frå dei ni åra han levde som hinduistisk munk i Sveits. Gray er ikkje pensum på samlivskursa i Noreg, men han har formulert idear som har fått enormt gjennomslag også her i landet. Mange kjenner seg igjen i tanken om at kjønna kjem frå ulike planetar og treng hjelp til å forstå kvarandre sitt språk.  Den nye norske filmen Mars & Venus handlar ifølgje reklamen om at "Ida og Mathias lever på hver sin planet mens de prøver å finne ut hva de egentlig ønsker seg i livet".  Uavhengig av kor vitskapleg grundig eller truverdig Gray er som offentleg person, er det viktig å studere innhaldet i retorikken om Mars og Venus og korleis slik retorikk vert brukt og gitt meining i kvardagen.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.