Debatt

Rull inn puppen

«Etter ein svært lite opplyst debatt om amming, såg eg meg nøydd til å gjera faktasjekken sjølv. Eg deler resultatet», skriver sosiolog Helga Eggebø. Forskninga ho finn, viser at myndigheitene sine ammeråd bør endrast.
Det er ingen grunn til panikk over den norske ammepraksisen, skriv Helga Eggebø. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Debattinnlegget ble først publisert hos Maddam.no. 

Søndag sparka Dagsrevyen i gang ein ny runde med ammedebatt. Kvifor vil ikkje norske kvinner amme, spør Dagsrevyen. Kvifor blir dei sendt heim frå sjukehuset før dei har kome i gang med amminga, spør helsesystrene. Alle må amme meir og fedrekvota har skulda! roper Gro Nylander. Etter ein svært lite opplyst debatt såg eg meg nøydd til å gjera faktasjekken sjølv. Eg deler resultatet.

Det offisielle rådet frå norske myndigheiter er at barn bør få morsmelk og berre morsmelk sitt første halve leveår – gjerne omtalt som fullamming i seks månader.

Berre 1-1,5 prosent av spedbarna i Noreg har aldri blitt amma.

Men statistikken viser at svært få – berre 7-10 prosent – følgjer dette rådet til punkt og prikke. Men betyr det at norske barn blir flaska opp på morsmelkserstatning? Nei, på ingen måte.

Dei fleste får gradvis anna mat i tillegg frå dei er om lag 4 månader. Spørsmålet er om det er eit problem.

Berre 1-1,5 prosent av spedbarna i Noreg har aldri blitt amma. Heile 82 prosent blir framleis amma når dei er 6 månader. Nesten halvparten blir amma til dei er 1 år. Men dei fleste får gradvis anna mat i tillegg frå dei er om lag 4 månader. Spørsmålet er om det er eit problem.

Sosiolog Helga Eggebø har gått gjennom ammeforskning.  (Foto: Stortinget)

Ifølgje Ingrid Kristin Torsvik si doktorgradsavhandling om temaet, er det snarare ein god ting. Ho har gått grundig gjennom internasjonal ammeforsking og myndigheitene sine ammeråd, og konkluderer med at tilrådinga om fullamming i seks månader bør endrast. Dette er grunnen:

Det er godt dokumentert at amming har mange positive helseeffektar. Ungar som blir amma får mellom anna færre infeksjonar, mindre allergi og diabetes og er mindre overvektige. For kvinner kan amming beskytta mot til dømes brystkreft og eggstokkreft. Men i mange av desse studia skil ein ikkje mellom amming og fullamming. Dei dokumenterte positive effektane gjeld altså også for barn som får mat i tillegg.

Forskinga viser at lang fullamming, utan anna næring, faktisk også kan ha nokon uheldige konsekvensar.

Dessutan viser forskinga at lang fullamming, utan anna næring, faktisk også kan ha nokon uheldige konsekvensar. Ei britisk studie viser at morsmelk i snitt inneheld noko mindre næring enn det eit barn på 6 månader treng. Både svenske og norske studie tyder på at barn har auka sjans for å få glutenallergi dersom dei ikkje blir introdusert for gluten innan dei er 6 månader. Barn som blir fullamma lenge kan også få vitaminmangel.

Les også: Når babylykken uteblir
Les også: Ministerbytte avgjorde pappaperm

Rådet frå norske myndigheiter om å fullamme i seks månader er henta frå Verdas Helseorganisasjon (WHO). Dei har gode grunnar til å promotera amming globalt. Dei negative effektane av å ikkje amma er særleg alvorlege i låginntektsland kor mange har dårleg tilgang på reint vatn og ikkje pengar til morsmelkserstatning. Heldigvis kan ein seia – ammer kvinner i fattige land mest.

Men det at auka amming vil kunne ha store positive helseeffektar på globalt nivå betyr ikkje at barn på 4 månader har vondt av få litt sunn og næringsrik mat i tillegg. Snarare tvert i mot, kan det sjå ut til.

For å konkludera: Ingen grunn til panikk! Nordiske kvinner ammer meir enn i dei fleste andre industrialiserte land. Gode foreldrepengeordningar tilrettelegg for amming, og det er bra. Om lag halvpartane av spedbarna får gradvis anna mat i tillegg frå dei er omtrent 4 månader. Det er bra for vitamin- og næringsinntaket og ein praksis myndigheitene gjerne kan støtta opp under og oppmuntra til.

Latest news

Calendar

News Magazine

Our news magazine is an independent online newspaper and a member of the Norwegian Specialised Press Association Fagpressen.