Når døden forskjellsbehandlar

Når døden forskjellsbehandlar

Ein skulle kanskje tru at døden er den mest fellesmenneskelege erfaringa som finst. Men også i døden finst det kjønnsforskjellar.
More about Litteratur
More about Religion
More about Kjønnsroller
Lisbeth Thoresens har skrive om kvinners tradisjonelle rolle som dei som sit ved dødsleiet, og som steller den døde.

– Døden er eit interessant forskingsfelt fordi det er så utruleg mykje å undersøke, og fordi det er noko alle er opptekne av, seier Lisbeth Thoresen som er ein av redaktørane for ein ny antologi om døden.

Døden er ei kvinneoppgåve

Sjølv om døden i våre dagar først og fremst er noko helsepersonell kjem i kontakt med, så lyt likevel alle på eitt eller anna tidspunkt møte døden som eksistensielt, og kanskje også praktisk, problem. Thoresens eige kapittel i boka tek for seg kvinners tradisjonelle rolle som dei som sit ved dødsleiet, og som steller den døde.


Lisbeth Thoresen meiner vi treng meir kunnskap om heimedødFoto: UiO

– For mange år sidan gjorde eg feltarbeid på eit hospice i samband med doktorgraden. Den gongen var eg først og fremst oppteken av å undersøke samanhengen mellom at nesten alle dei tilsette var kvinner, og det arbeidet dei utførte, seier ho.

– Det viste seg vanskeleg å skrive om på ein måte som ikkje berre stadfesta kjønnsstereotypiar.

Kjønnsperspektiva har likevel lege i bakhovudet i andre forskingsprosjekt, og no var tida inne til å gå meir i djupna.

Nordiske kulturvitarar verkar, så langt Thoresen har funne, å vere samde om at det tradisjonelt har vore kvinners oppgåve å ta seg av den døyande og den døde kroppen. Medan menn typisk hadde oppgåver i samband med gravferda.

Sjølv om folk tidlegare døydde heime, var døden på eit vis likevel offentleg i den forstand at døden var omkransa av kollektive ritual, av nabo- og kvinnefellesskap, og ofte av ulike roller kvinnene imellom, avhengig av alder og sosial status.

Held fast på normalitet

Også i dag er det først og fremst kvinner som sit hos den døyande – noko som også speglar det faktum at kvinner er i fleirtal mellom sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Men Thoresen meiner likevel at noko har endra seg.

– Her spekulerer eg litt, men når ein les om kvinner som sat hos døyande i tidlegare tider, så tenkjer eg at det handla om eit passivt nærvære, eit nærvære retta mot døden, seier ho.

– I den grad ein gjorde noko, så var det handlingar som hadde til føremål å hjelpe den døyande å døy. Nærværet til dagens sjukepleiarar er meir retta mot livet, det peikar ikkje så symboltungt mot den andre sida.

I feltarbeidet sitt observerte ho sjølv korleis sjukepleiarane på hospicet verka å ha eit kollektivt prosjekt gåande, som gjekk ut på å halde fast på normalitet i det som for pasientane var ein unormal og trugande situasjon.

Det gjorde dei ved å gje orden og struktur til dagane, trekke frå gardinene og hente inn avisa om morgonen, kle på pasientane og snakke med dei om kvardagslege ting.

– I observasjonane mine fann eg at døden jo var til stades, men den var på same tid ikkje så veldig tematisert eller snakka om.

Gjer sorga synleg

Nokre symbolske praksisar frå tidlegare tider kan likevel sjå ut til å ha følgt oss.

Thoresen fortel at ho under arbeidet med boka vart slått av ei hending knytt til gravferda til kong Olav V i 1991. Den som søker opp bilete frå gravferda, vil sjå korleis kong Harald og kronprins Haakon følgjer båra, kledd i høvesvis uniform og svart frakk. Dronning Sonja og prinsesse Märtha er derimot heilt innhylla i svarte kapper og slør som mest av alt minner om burkaer.

– Eg hadde ikkje tenkt over korleis det gjorde dei til berarar av ei veldig synleg sorg, og eg tykkjer det er interessant, seier Thoresen.

– Er det berre snakk om kongeleg mote, eller er det ein symbolsk funksjon som heng att?

Ein observasjon eg har gjort meg, er at det er kvinner som går på kyrkjegardar og steller graver.

Tradisjonelt har kvinner i mykje større grad enn menn hatt til oppgåve å synleggjere sorga i klesdrakt og kjensleuttrykk. I dag kan ein derimot ikkje utan vidare sjå på nokon at dei er i sorg. I staden kan det verke som den synlege sorga i større grad får utspele seg på gravstaden.

– Ein observasjon eg har gjort meg, er at det er kvinner som går på kyrkjegardar og steller graver. Det heng nok saman med at kvinner i gjennomsnitt lever lenger enn menn.

Thoresen tykkjer også det er ein tendens til at gravstadene blir meir pynta. Ikkje berre med blomar, men med hjarte og englar og slikt.

– Kanskje er dette noko kvinner medverkar til i større grad, seier ho.

– Dette med pynting er noko som har kome dei siste åra og som eg trur vi får meir av. Når ein er på ein kyrkjegard, legg ein jo merke til kven sine graver som nokon nyleg har besøkt, og kven som ikkje får besøk. Slikt kan ein gjere seg mange tankar rundt.

Heimedød er kvinnesak

Kven som sit hos den døyande, blir også eit politisk spørsmål, i samband med at det er eit politisk mål at fleire skal få døy heime. Relativt få i Noreg døyr heime i dag, trass i at mange ønskjer det. Då det kom ein NOU i 2017 om lindrande behandling til alvorleg sjuke og døyande, uttala utvalsleiar Stein Kaasa at målet burde vere å auke dette talet til 50 prosent.

– Og då er vi langt inne i kvinnesaka, for det vil vere kvinner, og særleg eldre kvinner, som vil få denne nye omsorgsbøra i ein fase av livet der dei kanskje skulle ønskje at dei var ferdige med slikt, seier Thoresen.

– Det perspektivet blir ikkje løfta fram i særleg grad i debatten om heimedød. Eg meiner det er god grunn til å tematisere den problemstillinga.

Ikkje mange snakkar om kven som skal vere der når nokon døyr heime, meiner ho.

– Men eg har snakka litt med folk som har vore i den situasjonen, og eg tenkjer at det ofte er familiar som har ganske mykje ressursar, som maktar å gjennomføre heimedød. Det kan vere ressursar i form av familiemedlemmar som også er helsepersonell, eller at ein er ein stor familie som kan dele på ansvaret, eller at ein kan kjøpe tenester.

Samstundes er det ikkje lenger slik at naboar og fjernare slektningar trår til når nokon døyr heime. Dei kjem kanskje på besøk, men det praktiske kviler på næraste pårørande.

– Men dette er noko vi treng meir kunnskap om. For kven som engasjerer seg og som er til stades ved heimedød, er eit interessant spørsmål som vi eigentleg veit nokså lite om, seier Thoresen.

Mannsdominerte nekrologar

Også teologiprofessor Marianne Bjelland Kartzow har sett på døden med kjønnsbriller i sitt bidrag til antologien.

Ho vedgår å ha vore ein ivrig lesar av dødsannonser og nekrologar i avisene i mange år. Og ho har lenge hatt kjensla av at dette er eit format som i overvegande grad gjev plass til ein viss type menneske, først og fremst eldre kvite menn.


Marianne Bjelland Kartzow har lest nekrologene i Aftenposten med kjønnsbriller på. Foto: UiO

I samband med bokprosjektet samla ho dødsannonser og nekrologer frå Aftenposten i to veker for å sjå kven som vart omtala.

Mistanken vart til dels stadfesta: Særleg nekrologane viste seg i denne perioden å være svært mannsdominerte, medan dødsannonsane var jamnare fordelt på menn og kvinner.

– Og då eg bryja lese, vart eg også interessert i språket, ikkje berre i å telje menn og kvinner. Kva er det som blir konstruert i desse tekstane, kva for liv er det som er verd å minnast?

Ein nekrologi inneheld oftast ein kort biografi over den døde. Som forskar har Kartzow lenge arbeidd med antikke biografiar og studert korleis Jesu liv blir framstilt i evangelia.

– Så eg er interessert i kva det er å skrive om eit liv, kva ein vel å vektleggje og korleis ein framstiller det. Korleis tenkte dei om det i antikken, i høve til i dag?

Førebilete for dei levande

I presteutdanninga jobbar ho dessutan med minnetalar til gravferder, og har også halde ein del slike sjølv, som prest.

Også der er idealet at talen skal innehalde ein kort biografi, og dessutan at alle menneske skal få like mykje taletid. Korleis løyser ein det i dei tilfella der den døde har lite offentleg aktivitet å vise til?

Nekrologane i materialet hennar løftar i overvegande grad fram eldre, kvite, kulturkristne, ressurssterke og vellukka menn som var vennlege og generøse mot andre medan dei levde.

Det er ikkje berre menn, men eit visst utval av menn, som blir minna.

På same måte som antikkens biografiar, kan det sjå ut til at nekrologar skal trekke fram bragdene og heltemotet, gjere den døde til eit førebilete for dei levande, og kaste glans over dei pårørande.

– Og det gjev jo meining at dei som har spelt viktige roller i samfunnet skal ha ein nekrolog, men eg tykte samstundes at det vart veldig mykje prestisjespråk, seier Kartzow.

Språket var dessutan svært prega av konvensjonelle vendingar og forskjønnande omskrivingar.

– Eg lurer på kva det kjem av. Er det fordi døden er så vond at ein ikkje heilt greier å ta det inn over seg? Eller er det fordi det er enkelt og greitt å gripe til det standardiserte språket som ligg føre? Spør ho.

– Og alle dei døde var snille og gode vener og fedrar. Er dette sanne forteljingar om livet? Eller er det meininga at vi berre skal akseptere at dei ikkje er sanne? At dei berre skal vere førebilete, noko vi som samfunn kan spegle oss i?

Sanning og mangfald

Ved minnetaler i gravferder, som har mykje felles med nekrologen, kan det vere utfordrande å leite fram det som har vore sant om den avdøde og presentere det på ein måte som alle dei attverande kan kjenne seg att i. Det meiner ho stiller høge krav til presteutdanninga.

– Ein skal jo helst snakke sant, men kva er sanning, og kven eig sanninga om eit menneskeliv? For studentane mine er dette eit stort ansvar, seier ho.

– Som prestar står dei med folks liv mellom hendene. Dei har til oppgåve å snakke sant, men ikkje såre. Det er ei kompleks hending, både språkleg og sosialt. Ein treng lang utdanning og mykje refleksjon.

Ikkje berre kvinner var fråverande i nekrologane. Der fanst heller ikkje menneske med arbeidarklassebakgrunn eller annan religiøs eller kulturell bakgrunn enn norsk.

– Det er ikkje berre menn, men eit visst utval av menn, som blir minna. Eg trur forteljingar om døde menneske nettopp er ein stad der vi reproduserer forteljingar om kven som er verdige menneske, seier ho.

– Kanskje er nekrologane i Aftenposten eit veldig konservativt materiale, men eg trur likevel dei fungerer som ein spegel på kva type verdiar vi omgjev oss med. Og er det slik det skal vere? Det tykkjer eg er verd å vere kritisk til.

Etter kvart som nye generasjonar av kvinner, som har levd meir offentlege og samfunnsengasjerte liv, blir gamle, kan det hende at fleire kvinner får plass i nekrologane. Men noko verkeleg mangfald er Kartzow tvilande til at vi får sjå.

– Kva med innvandrarar, uføre, einslege arbeidsledige menn utan barn? Korleis skriv vi verdig om slike menneske? Kyrkja har jo som ei viktig oppgåve å insistere på at alle desse liva er like mykje verd, seier ho.

– Det er ikkje lett, og kanskje er ikkje det offentlege rommet rett plass for å snakke om dette? Men det er veldig mange liv som berre forsvinn utan at nokon legg merke til det.