Bonden held på den maskuline farsrolla

Farsrolla let mannlige bønder få vere meir aktive omsorgsgjevarar – men berre på måtar som ikkje kjem i konflikt med den tradisjonelle maskuliniteten.
Tradisjonelt har maskulinitet i landbruket vore sterkt knytt til evna til å kontrollere naturkreftene for å maksimere produksjonen på garden. Maskulinitet blir dermed uttrykt gjennom kroppsleg utandørsarbeid, store maskiner, fysisk styrke og vere uthalden. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

– Det har vore  mykje merksemd i forskinga på den tradisjonelle, hegemoniske maskuliniteten i landbruket, seier Berit Brandth.

– Etter kvart har forskinga sett at slike maskuline ideal har fleire destruktive konsekvensar: Utslitne kroppar, mykje einsemd og psykiske problem. Eg tenkte at det må jo også vere viktig å setje søkelys på andre sider ved desse mennene. Dei er jo også fedrar. Det var utgangspunktet for dette prosjektet.

Landbruket er interessant fordi arbeid og familie heng tett i hop.

Brandth er professor emerita i sosiologi ved NTNU og har lenge vore interessert i farspraksisar på den eine sida, og kjønn i landbrukssektoren på den andre sida. Nyleg publiserte ho ein artikkel om farskap og maskulinitet i landbruket, der begge desse interesseområda gjekk i hop.

– Landbruket er interessant fordi arbeid og familie heng tett i hop, seier ho.

Brukar meir tid med borna

Tradisjonelt har maskulinitet i landbruket vore sterkt knytt til evna til å kontrollere naturkreftene for å maksimere produksjonen på garden. Maskulinitet blir dermed uttrykt gjennom kroppsleg utandørsarbeid, store maskiner, fysisk styrke og vere uthalden.

Berit Brandth meiner dagens fedrar i landbruket brukar meir tid med borna utanom arbeidet enn førre generasjon. Foto: NTNU

I tillegg har det patriarkalske odelssystemet der idealet er at garden skal avhendast frå far til son ned gjennom slektene, medverka til idealbiletet av den kompetente, sterke og stoiske bonden. Systemet har dessutan sett rammene for tilhøvet mellom fedrar og born i landbruket. Men kva skjer når dagens unge bønder blir fedrar?

Denne artikkelen byggjer på intervju med sju mannlege bønder med små barn, og finn store skilnader i korleis desse bøndene praktiserer farsrolla samanlikna med deira eigne fedrar.

– Førre generasjon var lite involverte i borna sine daglegliv og forklarte det med arbeidsdelinga på garden og at arbeidet la beslag på all tida deira, på jordet og i fjøsen. Når dei var i lag med borna, var det for å arbeide og for å lære dei opp til å bli bønder, seier Brandth.

Dagens fedrar, derimot, brukar meir tid med borna utanom arbeidet, og forklarar det med dagens samfunnsnormer, at ein god mann skal delta i omsorga for borna sine.

Les også: Mer enn bare machomenn i Finnmark

Held på maskuliniteten

På den måten viser dagens bønder at dei endrar og tilpassar den tradisjonelle rolla til nye tider og normer. Samstundes er kjernen i farsrolla deira på mange måtar like tradisjonelt maskulin som før.

– Når dei fortel om kva dei gjer saman med borna, så er det påfallande at det er veldig maskuline aktivitetar dei fortel om, som å ha med borna på elgjakt eller på utandørs fritidsaktivitetar, seier Brandth.

– Så på ein måte held dei fram på same måten som dei alltid har gjort, men det nye er at dei har borna med seg og må ta omsyn til og ha omsorg for dei, seier Brandth.

Når mennene tek med borna på elgjakta, må dei vise fram omsorgssida si, men på måtar som ikkje kjem i vegen for dei maskuline aktivitetane som å skyte og drepe dyr.

Bøndene i utvalet kjem frå Midt-Noreg og er mykje opptekne av elgjakt. Dei lærte sjølve å jakte som barn. Fleire av dei fortel om at dei tok med borna frå nokså tidleg alder, og at andre menn i jaktlaget gjer det same. Elgjakta er ein situasjon der menn blir sosialisert inn i normative maskuline praksisar, samstundes som denne maskuliniteten blir litt annleis når borna er til stades.

– I teoretisk samanheng snakkar ein om hegemonisk maskulinitet som noko som har to dimensjonar: Den første gjeld rangering menn imellom, kva er det som gjev status, og korleis blir ulike maskulinitetar underordna kvarandre, seier ho.

– Den andre gjeld rangering i høve til kvinner. Når mennene tek med borna på elgjakta, må dei vise fram omsorgssida si, men på måtar som ikkje kjem i vegen for dei maskuline aktivitetane som å skyte og drepe dyr.

– Og gjeld denne jaktopplæringa både søner og døtre?

– Det var ein av dei som også hadde dottera med på jakt, men han sa at ho fort mista interessa. Så det ser ut til at det er mest sønene som er med, og at jakta gjer dei til ein del av mannsfellesskapen i bygda. Eg trur ikkje det er slik at dei diskriminerer jentene, men det blir likevel mest gutane som deltek.

Vil støtte borna i eigne val

Fedrane brukte også mykje tid på andre utandørs fritidsaktivitetar med borna, og dessutan organiserte fritidsaktivitetar som fotball og ski, som også er assosierte med maskulinitet. I intervjua kjem det fram at dette både er noko fedrane sjølve ønskjer, og at det er forventa av dei i lokalsamfunnet.

– Det eg sjølv tykkjer er mest interessant, er at kva arbeidet har å seie for farspraksisane deira, ser ut til å ha endra seg. Desse fedrane vil ikkje at arbeidet deira skal hindre dei i å vere i lag med borna, og det tykte eg var spennande, sier Brandth.

– For her distanserer dei seg frå andre menn som ikkje har den same fridomen, slik som deira eigne fedrar. Dei tenkjer tilbake og hugsar at deira eigne fedrar måtte jobbe heile tida, og at dei sjølve også måtte jobbe når dei var i lag med fedrane sine. Men dei distanserer seg også frå byfedrar som går på kontor og berre ser ungane om morgonen og kvelden. Her definerer dei seg sjølve som gode fedrar.

Ho tykkjer også det er interessant at mennene i intervjua tek avstand frå tanken om at borna skal kjenne seg forplikta til å vere med og gjere gardsarbeid og ta over garden.

– Medan den eldre generasjonen i materialet snakka veldig mykje om kor glade dei var for at sønene tok over, så sa dagens generasjon fedrar at dei ikkje ville at borna skulle kjenne seg bundne. Dei skulle få vere barn på eigne premiss og gjere det same som andre barn i bygda, og fedrane si oppgåve var å støtte dei i dei interessene dei hadde. Så akkurat her såg vi ein veldig stor skilnad i orientering. Kanskje det er eit lite teikn på det patriarkalske landbrukssystemet er i endring.

Mor styrer husarbeidet

Tradisjonelt er det ei klar arbeidsdeling mellom kjønna i landbrukssektoren, der mennene gjer utandørsarbeid og kvinnene gjer husarbeidet. Dagens fedrar er derimot klare på at dei gjer mykje meir innandørs arbeid enn deira eigne fedrar gjorde, i alle fall slikt som handlar om borna, som bleieskift, mating og legging. Men dei er like klare på at det er partnaren som har hovudansvaret.

– Generelt kunne ein kanskje forvente at landbruksfedrar alltid har vore involverte i husarbeidet fordi dei jobbar heime, men historisk har det ikkje vore nokon samanheng der, seier ho.

– Men dagens landbrukskvinner har typisk jobb utanfor heimen, og då må mennene trå til meir heime. Samstundes distanserer dei seg på eit vis frå ansvaret. Dei deltek når ungane er små, men dei er veldig opptekne av å markere at dette er mor sitt ansvarsområde.

Landbruket er jo eit yrke ein ikkje berre kan forlate i vekevis medan ein tek ut fedrekvoten, og dette er bøndene overlatne til å løyse sjølve.

Likevel representerer dette ei grenseflytting i høve til tidlegare.

– Når vi utforskar kva dei fortel om si rolle og sin maskulinitet, er dette noko nytt. Dei nærmar seg andre fedrar og stadfestar til ein viss grad nye normer om korleis ein skal vere som far.

Brandth vonar at forskinga på menn i landbruket no byrjar sjå på litt fleire aspekt enn det tradisjonelt maskuline.

– Bidraget til denne undersøkinga, er å vise at desse mennene også har andre sider som kan forskast på, seier ho.

– Dette er nytt i internasjonal kontekst, men eg ser at liknande problemstillingar dukkar opp andre stader no. Ein kan sjå likskapar med utviklingstrekk i annan farsforsking.

Sjølv har ho vore rettleiar for ein student som ser på korleis landbruket som yrke set rammer for måten å nytte fedrekvoten på.

– Det finst mange strategiar for å kombinere arbeid og foreldrepermisjon. Landbruket er jo eit yrke ein ikkje berre kan forlate i vekevis medan ein tek ut fedrekvoten, og dette er bøndene overlatne til å løyse sjølve.

Les også: Mennene idealiserte sin hjemmeværende koner, kvinnene lengtet ut

Latest news

Calendar

News Magazine

Our news magazine is an independent online newspaper and a member of the Norwegian Specialised Press Association Fagpressen.